Publisert: 24. aug. 2012

Makrellen breier seg i Norskehavet

Forskarar frå Noreg, Færøyane og Island har kome med eit bestandsestimat for makrell basert på trålfangstar i Norskehavet. Det er på 5,1 millionar tonn, men på grunn av mangelfull dekning i einskilde område reknar forskarane med at bestanden er underestimert, melder Havforskninginstituttet på hjemmesidene sine.

Forskarane frå Noreg, Island og Færøyane undersøkte eit område på 1,5 millionar km2.

Robust og stabil bestand

– Mangelfull dekning i nord, vest og sør gjer at det er snakk om eit underestimat når bestanden no er anslått til 5, 1 millionar tonn, seier forskar Leif Nøttestad frå Havforskingsinstituttet. Han var internasjonal toktkoordinator for dei fire fartøya frå Noreg, Island og Færøyane og toktleiar på det norske forskingsfartøyet "G. O. Sars".

Estimatet er gjort med standardisert tråling i overflata (pelagisk), og tilsvarande estimat frå 2010 gav 4,8 millionar tonn makrell.

– Bestanden er robust og ser ut til å halda seg stabil. Vi fann eit stort innslag av to år gamal makrell, det lovar godt for framtida, seier Nøttestad.

Framleis lite plankton

Toktet viser at makrellen breier seg utover stadig større delar av Norskehavet og tilliggjande havområde. Den kraftige ekspansjonen går spesielt utover silda, som vert skyve ut i ytterkantane av havområdet.

– Vi ser framleis lite plankton i Norskehavet. Det blir difor viktig framover å studera forholdet mellom dei store pelagiske fiskebestandane i dette området, seier Nøttestad.

Kan styrkja ICES-berekning

Forskarane håper metoden frå pelagisk tråling vil kunna brukast i framtida i ICES (Det internasjonale råd for havforskning) sine offisielle mengdeberekningar. Desse berekningane dannar grunnlaget for kvoterådgjevinga knytta til makrell.

– Dagens offisielle mengdeberekning er basert på mangelfulle data. Ein grundig vitskapeleg innsats skjer berre kvart tredje år gjennom dei internasjonale makrelleggundersøkingane. Vi er overtydde om at metoden med pelagisk tråling gjev betre informasjon om kor stor makrellbestanden er. Framover kjem vi til å jobbe vidare med å forbetre metoden.

Økosystembasert rådgjeving

Toktet bidrar også til betydeleg kunnskap om økologien og økosystemet i Norskehavet. Nøttestad peikar på at denne kunnskapen vil vera sentral når ein i framtida skal gå frå einbestands-rådgjeving og over til meir økosystembasert rådgjeving for dei viktigaste pelagiske fiskebestandane i Norskehavet.

Havforskningsinstututtet