Publisert: 20. okt. 2011

Referanseflåten

Havforskingsinstituttet melder:"Evalueringa av Referanseflåten vart gjennomført av ein komité på sju personar frå internasjonale vitskapelege miljø og dei viktigaste interessegruppene. Komiteen tilrår at prosjektet med ein referanseflåte vert ført vidare med nødvendige forbetringar. På bakgrunn av dette vil Havforskingsinstituttet no fornye den havgåande delen av Referanseflåten i ein periode på 4-6 år, med til saman 20 fartøy i ti ulike flåtekategoriar. Utlysinga kjem på Doffin med søknadsfrist 11. november. Utlysing og fornying av Kystreferanseflåten kjem våren 2012.".

Hele evalueringsrapporten finner du her:http://www.imr.no/filarkiv/2011/10/evaluering_av_den_norske_referanseflaten_norsk_versjon_.pdf/nb-no

Utlysningstekst og ytterligere opplysninger på www.doffin.no