Endringar i open gruppa?
Innleiing
Pelagisk Forening opptatt av ein levande kyst, og busetnaden lang kysten. Difor meiner Pelagisk Forening at det framleis bør vera ei open gruppa.
Arbeidsgruppa kjem med forslag som, dersom dei blir vedtatt, vil føra til lågare kvantum for fiskarar i andre grupper. Altså endring av etablerte nøklar for kvotefordeling.
Forslaga vil kunne ha vesentleg innverknad på busetnaden langs kysten.
Pelagisk Forening forstår det slik at rapporten er ei oppfølging av kvotemeldinga. Me forstår det slik at Stortinget vedtok ei gjennomgang av open gruppa. I det store og heile omfattar rapporten stort sett berre torsk nord for 62-graden.
Arbeidsgruppa sitt mandat er formulert slik «Kartlegge åpen gruppe (torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord…» Pelagisk Forening meiner at mandatet ikkje burde vore avgrensa til torsk, hysa og sei N. Dette fordi andre artar òg er viktige for open gruppa. Open gruppa er òg viktig for fiskarar sør i landet, og for fiskarar busett utanfor området som gir rett til kvotetillegg.
I rapporten er det eit gjennomgåande trekk at arbeidsgruppa har ønske om å auka kvantum fisk til open gruppa. Kvantum som berre kan takast frå lukka gruppa. Pelagisk Forening meiner at det er i motstrid med kvotemeldinga Stortinget vedtok.
Pelagisk Forening meiner at rapporten ikkje må føra til omfordeling av kvantum mellom open og lukka gruppe. Eventuelle omfordelingar må skje internt i open gruppa.
Spørsmål om endring av ressursfordelinga krev ein grundigare debatt, og ei vesentleg grundigare konsekvensutgreiing enn kva arbeidsgruppa har gjort.
Utilstrekkelege konsekvensutgreiingar
Først vil Pelagisk Forening peika på at arbeidsgruppa berre i liten grad har konsekvensutgreidd forslaga sine. Konsekvensutgreiing er heller ikkje nemnt i mandatet.
Difor forutset Pelagisk Forening at endringsforslag blir konsekvensutgreidd, og sendt på høyring, før arbeidsgruppa sine forslag eventuelt blir vedtatt.
Samansetninga av arbeidsgruppa
Pelagisk Forening forstår det slik at arbeidsgruppa ikkje har medlemmar frå stor kyst eller den havgåande flåten. Det er uvisst, for Pelagisk Forening, om arbeidsgruppa har medlemmar frå den minste flåten i lukka kyst.
Pelagisk Forening meiner at rapporten ikkje bør føre til endra ressursfordeling mellom lukka og open gruppa. Dette m.a. fordi arbeidsgruppa ikkje hadde medlemmar frå alle gruppene.
Kvotefordeling
Som arbeidsgruppa skriv i pkt. 5.9 vil «Fordeling av fiskekvoter innebærer fordeling av en begrenset ressurs, slik at økte fangstmuligheter for noen vil innebære reduserte muligheter for andre.»
Pelagisk Forening meiner at før eventuell endring av kvotefordeling bør det vera eit minimumskrav at representantar frå alle gruppene er representert i myndigheitene sitt førebuande arbeid. Det har ikkje skjedd her, og difor bør ikkje rapporten føra til endra kvotefordeling mellom gruppene.
Som kjent blei kvantumet til open gruppa auka frå 6,12 % til 6,62 % av norsk totalkvote. Dette frå og med 2025. Kvantumet blei henta «frå toppen». Dvs. at lukka gruppe fekk mindre kvantum.
Det synest ikkje naturleg med ytterlegare auke kort tid etter.
Pelagisk Forening meiner det er viktig at ressursfordelinga ligg fast. Dette m.a. pga. at fiskeri har mange naturlege usikkerheitsfaktorar, og det bør ikkje skapast fleire.
Alle ledd i lukka gruppe har strukturert og tilpassa seg kvotesituasjon, og faktisk behov for fiskarar. For næringa har dette vore kapitalkrevjande, og til dels smertefullt. Mange har tatt gevinst og slutta i næringa. Det at dei gjenværande skal måtte gi kvantum til open gruppe, etter og ha jobba fram ein lønsam næring, synest Pelagisk Forening er urimeleg.
Pelagisk Forening meiner at eventuelle endringar, av open gruppa, må skje innanfor eksisterande kvotefordeling.
Pelagisk Forening meiner òg at å auka kvantumet til open gruppa ikkje vil løysa utfordringane på anna enn kort sikt. Dersom det blir attraktivt å fiska i open gruppa vil fleire fiska i open gruppa. Dette gjeld òg folk som ikkje er fiskarar i dag. Dersom «kaka» blir større vil det truleg bli fleire å dela «kaka» på.
Det er utfordrande med «avsetninger» av kvantum, og at reelt fiske kan vera vesentleg større utan at fiskeriet blir stoppa. Dette kan føra til at overfiska kvantum blir trekt frå «toppen» året etter. Dvs. at lukka gruppa betalar prisen for overfiske i open gruppa. Ordningar med «avsetning» bør difor avviklast.
Turistfiske
Pelagisk Forening støttar tiltak for å redusera uttak av torsk i turistfisket. Direktoratet sitt overslag er 2 339 tonn kysttorsk nord for 62-graden. Direktoratet skriv at «Det er imidlertid grunn til å tro at dette uttaket kan være vesentlig
høyere.» Pelagisk Forening meiner at direktoratet bør skaffa truverdige tal for kor mykje fisk turistfiskarane fiskar. Dette gjeld ikkje berre torsk i nord, men alle fiskeslag. Dersom reelt uttak er større bør det gjerast effektive tiltak for å redusera uttaket frå turistfiske.
Det bør være auka fokus på maksimalkvantum, kontroll, og strafferammer innanfor turistfiske. Turistdestinasjonar som legg til rette for turistfiske bør kontrollerast på lik linje med fiskemottaka.
Dersom avsetninga til turistfiske blir redusert bør frigjort kvantum gå tilbake til der avsetninga er tatt frå. Dvs. «toppen». Noko anna er ei skjult auke av kvantum avsett til open gruppa.
Merknadar til arbeidsgruppa sine forslag
(Nummereringa samsvarar med nummereringa i rapporten kap. 6.)
6.1. Fartøystorleik
Pelagisk Forening er einig i at dagens maksimale lengdegrensa, 11 meter, blir vidareført.
Det same gjeld avvikling av unntaka i deltakarforskrifta § 13, men ikkje slik at eksisterande deltakarar blir tvungne til å bytta båt.
6.2 Geografisk tilhøyring
Pelagisk Forening meiner at avsetninga til kystfiskekvoten bør avviklast. Dersom avvikling ikkje skjer er Pelagisk Forening einig i at det er naudsynt å utvida verkeområde for kystfiskekvoten. Helst slik at alle kystkommunar er omfatta. Det blir presisert at utvidinga ikkje må føra til at det blir avsett større kvantum til ordninga.
Pelagisk Forening er einige i at «Et sammenhengende virkeområde for kystfiskekvoten vil gi like vilkår i åpen gruppe innenfor samme region og styrke ordningens legitimitet. En slik justering bør gjennomføres uavhengig av størrelsen på årlig avsetning til ordningen.»
Pelagisk Forening støttar ikkje medlemmene Camilla Brattland, Elisabeth Mikalsen, Jan Morten Hansen og Sindre Hansen» sitt forslag «om at det enkelte fartøy først belastes for sin kystfiskekvote (tillegget), før fartøyet kan utnytte kvoten i åpen gruppe.» Dette fordi forslaget kan føra til mindre fisk til andre grupper.
6.3 Rekrutteringsarena
I fiskerinoreg blir det tala mykje om rekruttering. Det er eit faktum at det er stor søknad til, og fleire elevar på, naturbruk og fiske og fangst enn kva det er læreplassar og fiskararbeid til.
Mange medlemsreiarlag melder at dei ofte får førespurnadar frå folk som ønsker arbeid som fiskar. Pelagisk Forening får òg ofte spørsmål frå folk som ønsker arbeid som fiskar.
Det er altså god rekruttering i dag, og omsynet til auka rekruttering tilseier såleis ikkje endringar av open gruppa.
Pelagisk Forening er einig i at open gruppa dels fungerer som ein rekrutteringsarena, men meiner at det ikkje er grunn til å innføra tiltak for å stimulera til ytterlegare rekruttering.
Pelagisk Forening er einige i at ordninga med rekrutteringskvotebonus bør avviklast, men er usamd i at kvantumet skal tilførast open gruppa. Kvantumet blir tatt frå «toppen», og bør tilbakeførast dit kvantumet er tatt frå. Dvs. til «toppen». Etterfølgjande fordeling etter vanlege fordelingsnøklar vil òg gje auka kvantum til open gruppa.
Dersom ordninga blir avvikla, og avsetninga går til open gruppa, vil det i røynda vera endring av kvotefordeling mellom gruppene.
Pelagisk Forening meiner at kvantumet må fordelast etter vanlege fordelingsnøklar dersom ordninga blir avvikla.
Pelagisk Forening er einig i at alderstillegg for ungdom i open gruppe bør vidareførast. Pelagisk Forening er einig i at det bør gjelde ei felles grense uavhengig av kjønn på 30 år.
6.4 Moglegheit for kombinasjonsdrift, med prioritering av «heiltidsfiske» med fartøyet
Pelagisk Forening er einig i at dersom ferskfiskordninga blir vidareført kan «Hensiktsmessig avregningsperiode og eventuell periodisering kan tilpasses etter hvilken økt aktivitet som ønskes, noe som bør utredes nærmere gjennom høring.»
6.5 Utlendingar i open gruppe
Direktoratet skriv at «Arbeidsgruppen anser det som viktig at fiskerne bidrar til aktivitet og utvikling i lokalsamfunnene, og statsborgerskap eller hvor man kommer fra skal i utgangspunktet ikke ha noen betydning. Samtidig er det viktig å sikre at tilflyttere som etablerer seg i åpen gruppe er reelt bosatt, det vil si at registrert tilflytting ikkje bare er en pro forma registrering for å oppnå adgang til å delta i dette fiskeriet.» Pelagisk Forening er svært einige i dette.
Pelagisk Forening meiner at det bør innførast reglar som gjer at berre folk som er reelt busett i Noreg kan fiska i open gruppa.
Pelagisk Forening er einig i at det bør innførast vilkår om ei viss butid i Noreg før etablering som fartøyeigar i open gruppe. Eit vilkår om å ha budd i Noreg minst to år er høveleg. Pelagisk Forening meiner at dette bør gjelda fiske etter alle fiskeslag, og ikkje berre i fisket etter torsk nord for 62-graden.
6.6 Bruk av leigeskipper i open gruppe
Pelagisk Forening gjer merksam på at i pelagiske fiskeri kan det vera fiskeoperasjonar som krev meir enn eit fartøy, og at det difor kan vera naudsynt med leigeskipper på nokre av båtane som deltek i same fiskeoperasjon.
Arbeidsgruppa skriv at «For å unngå omgåelser av bestemmelsen om at samme eier kan delta i fiskeriet med bare ett fartøy, gjelder det et generelt forbud mot bruk av
leieskipper i åpen gruppe. I kapittel 5.7 er det redegjort for ulike unntak fra
dette «leieskipperforbudet», og at det for noen av unntakene ikke er satt vilkår
om forutgående etablering/aktivitet. Arbeidsgruppen vurderer at et krav om
forutgående erverv og aktivitet bør gjøres gjeldende for alle typetilfellene hvor det
åpnes for at leieskipper kan tillates. I motsatt fall vil dispensasjonsadgangen kunne
utnyttes for å tilegne seg ekstra kvote i dette fiskeriet.» Pelagisk Forening er einig i dette, men det bør vera unntak ved fødsel, sjukdom, og liknande.
Det bør framleis vera lov med leigeskipper i fisket etter lodda.
6.7 Kvantum til open gruppe
Pelagisk Forening er ueinig i arbeidsgruppa sitt forslag om å auka gruppekvoten for open gruppa.
Pelagisk Forening viser til arbeidsgruppa sitt forslag om at det «bør fastsette et årlig minstekvantum til open gruppe, altså et bunnivå som slår inn de årene totalkvoten er på et lavt nivå.»
Pelagisk Foreing meiner at dersom det blir innført eit minimumskvantum må det òg innførast eit «tak» for kor stort kvantum open gruppa får i år med høge torskekvotar.
Pelagisk Forening er òg usamd i at kvantum avsett til kystfiskekvoten skal aukast.
Arbeidsgruppa skriv «Videre mener arbeidsgruppen at rekreasjonsfisket må reguleres innenfor bærekraftige rammer, herunder beskatningen av kysttorsk i et omfattende turistfiske. Dette vil kunne øke kvotegrunnlaget for åpen gruppe, gjennom en styrking av bestanden og ved at åpen gruppe får tilført eventuelt frigjort kvantum.»
Dette står i motstrid til det arbeidsgruppa skriv i pkt. 5.8. «Havforskningsinstituttet har gjennomført flere prosjekter for å kartlegge uttaket av kysttorsk i rekreasjonsfisket nord for 62°N, og nyeste anslag er 11 839 tonn kysttorsk i 2024, hvorav 9500 tonn i det norske fritidsfisket og 2339 tonn i turistfisket. Det er imidlertid grunn til å tro at dette uttaket kan være vesentlig høyere.» (Understreking her.)
Pelagisk Forening meiner at eit eventuelt opphøyr av fiske av uregistrert kvantum ikkje kan vera grunnlag for auka fiske. Det blir òg vist til arbeidsgruppa sitt utsegn under pkt. 5.8. «Hvorvidt dette kan frigjøre kvantum av torskekvoten er uklart.»
Avslutning
Som nemnt over meiner Pelagisk Forening at eventuelle endringar i open gruppe ikkje skal føra til endring av kvotefordelinga mellom gruppene. Dersom det endring av kvotefordeling blir vurdert må forslaga konsekvensutgreiast, og på ny høyring.