Pelagisk Forening oppmodar direktoratet om endring av haustingsforskrifta
OPPMODING OM ENDRING AV HAUSTINGSFORSKRIFTA §§ 54 og 54A. UTSORTERING AV MAKRELL FRÅ NORDSJØSILD- OG TOBISFANGSTAR
Pelagisk Forening viser til haustingsforskrifta §§ 54 og 54a.
Pelagisk Forening forstår det slik at siktemålet med reglane er å unngå ulovleg dumping av deler av fangstar. Pelagisk Forening er sjølvsagt i mot dumping av fisk. Det bør likevel vurderast om regelverket kan justerast noko.
Haustingforskrifta er fem år gamal, men §§ 54 og 54a er vidareføring av reglar som stod i utøvingsforskrifta kapittel X. Reglane er altså minst 20 år gamle, og mykje har endra seg sidan desse reglane blei vedtatt. Reglane, og teknologien, for sporing og overvaking, har òg endra seg vesentleg, og blitt vesentleg meir effektive. Vesentlege deler av norsk tac, for nordsjøsild, blir òg fiska UK si sona. Dei nye krava til REM, altså overvaking av alt av bruk, vinsjar pumper etc., i UK vil òg gjera det uråd å dumpa fisk utan at det blir oppdaga
Med låge kvotar blir det ekstra viktig med høgast mogeleg verdiskaping. Ved å sortera ut bifangst av makrell, frå nordsjøsildfangstar, kan den verdifulle makrellen seljast til vesentleg høgare pris enn om makrellen blir levert saman med nordsjøsild.
Det same gjeld for bifangst av makrell i tobisfiskeriet.
Dette vil gjera verdiskapinga høgare.
Difor bør det vera lovleg å ha utstyr som sorterer makrell frå nordsjøsild. Altså utstyr som leier makrellen til ein separat tank. Det kan gjerne vera krav om at utstyret er slik at det ikkje er fysisk mogeleg å leia utsortert makrell over bord.
Svært høge prisar på makrell gjer òg at det er lite sannsynleg at nokon vil dumpa makrell.
Dette gjer at det bør vurderast å justera reglane.
Pelagisk Forening ber om at direktoratet vurderer justering av haustingsforskrifta §§ 54 og 54a. Om naudsynt i samarbeid med departementet. Dette slik at det blir lovleg å sortera makrell frå nordsjøsild. Næringa bør sjølvsagt inkluderast i dette arbeidet.
Etter kva Pelagisk Forening forstår har UK liknande forbod mot sortering om bord.
Dersom norske fiskerimyndigheiter finn forslaget interessant kan gjerne fiskerimyndigheitene i UK oppmodast om å vurdera liknande endringar.
Ta sjølvsagt kontakt dersom de har spørsmål eller eitkvart er uklårt.