Sporingskrav for båtar under 8,00 meter ved samfiske eller kvotesamarbeid
At det er sporingsplikt for båtar som samfiskar, eller deltek i kvotesamarbeid, og som er under 8,00 meter er truleg ukjent for mange.
Enkelte båtar kan alt ha kvotesamarbeida, eller samfiska, utan å oppfylla kravet til sporing på båt under 8,00 meter. Pelagisk Forening har kontakta Fiskeridirektoratet og bede om "mjuk" handheving i ein overgangsfase.
"Som kjent blei det, frå og med 1.1.26 det innført krav om rapportering og sporing for båtar mellom 8,00 og 9,99 meter, jf. ers-forskrifta § 10.
Dette er ikkje ukjent i næringa.
Samstundes er det innført «ID-kvoteordning».
Plikta til sporing er uavhengig av storleiken på båten som deltek i samfiske eller kvotesamarbeid, jf. § 10, 1. ledd bokstav n og o.
Dette er truleg ukjent for mange fiskarar.
Pelagisk Forening er uviss på i kva grad Fiskeridirektoratet har informert næringa om dette.
Enkelte båtar har kanskje alt fiska, og kvotesamarbeida med båt under 8,00 meter, og der denne båten ikkje har sporing.
Pelagisk Foreining ber om at direktoratet har ei «mjuk» handheving av denne regelen. Dette for båtar som eventuelt alt har samfiska/kvotesamarbeida med båt under 8,00 meter, og som ikkje har fått med seg kravet til sporing.
Dvs. at direktoratet rettleiar, og ikkje ilegg gebyr eller dreg inn fangstverdiar i ein overgangsfase.
Dette vil òg unngå at fiskarar fiskar inndratt fangst ein gang til, og at inndratt kvantum går til frådrag i gruppekvoten neste år.
Ta kontakt om de har spørsmål."