Co2-avgift for fartøy som fiskar både i nære og fjerne farvatn
HØRYINGSSVAR FRÅ PELAGISK FOREINING
NY CO2-AVGIFTSSATS FOR MINERALOLJE, NATURGASS OG LPG TIL FARTØY SOM DRIV FISKE OG FANGST BÅDE I NÆRE OG FJERNE FARVATN
Pelagisk Forening viser til høyring datert 17.10.25.
Innleiing
Pelagisk Forening meiner at det er viktig at fiskerinæringa er så klimavennleg som mogeleg, og at fiskerinæringa skal fortsetja å bidra til det grøne skiftet.
Generelt om co2-avgift.
Pelagisk Forening er negativ til at det er co2-avgift på drivstoff til fiske- og fangst. Dette m.a. fordi avgifta verkar mot siktemålet, fordi det ikkje er alterna-tive drivstofftypar, og fordi den særnorske avgifta svekker norske fiskarar sin konkurranseevne i høve til utanlandsk fiskerinæring.
I dag kan norske havgåande fiskefartøy lett unngå avgifta ved å bunkra i utlan-det, eller ved å nytta unntaket som no blir foreslått fjerna. Dette fører til avgifts-motivert ekstra køyring. Altså at fartøy går omvegar for å spara co2-avgift, og til auka utslepp av klimagassar.
Systemet med avgift, og delvis refusjon, medfører òg administrative kostnadar.
Sjølv om forslaget blir vedtatt vil norske fiskefartøy framleis kunne bunkra i ut-landet, og restbunkers vil framleis kunne brukast i NØS utanfor 12-mila. Difor vil fiskefartøy framleis køyra ekstra distansar for å bunkra avgiftsfritt. Forslaget vil såleis ikkje føra til mindre utslepp av klimagassar.
Om forslaget
Forslaget er eit skritt i rett retning. Pelagisk Forening støttar difor forslaget.