Staten sine kontrollørar for fiskesalslaga
| HØYRINGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING FORSKRIFT OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM STATEN SINE KONTROLLØRAR I FISKESALSLAGA Pelagisk Forening viser til høyring datert 17.10.25. Innleiing NFD si einaste grunngjeving er «at departementet anser det som hensiktsmessig at perioden for oppnevning gjøres mer fleksibel.» Dette er den knappaste grunngjevinga Pelagisk Forening kan minnast å ha sett i eit høyringsnotat. Pelagisk Forening stiller spørsmål ved om høyringsnotatet er i samsvar med utgreiingsinstruksen. Pelagisk Forening si forståing av høyringsnotatet Pelagisk Forening forstår høyringsnotatet slik at NFD ønsker å kunne stå fritt til utnemna kontrollørar slik at same person kan vera kontrollør for fleire salslag samstundes. Pelagisk Forening forstår òg høyringsnotatet slik at NFD ønsker å stå fritt til å utnemna kontrollørar for så lang, eller kort tid, som NFD ønsker. Pelagisk Forening oppfattar det ikkje slik at NFD ønsker å kunne utnemna fleire kontrollørar per salslag. NFD har stadfesta dette i telefonsamtale. Minimum og maksimumstid for statens kontrollørar Pelagisk Forening meiner at kontinuitetsomsyn talar for at ved første gangs utnemning må utnemninga vera for ein periode på minst fira år. Pelagisk Forening ser ingen grunn til at første gangs utnemning skal vera lengre enn kva som er tilfelle i dag. Dvs. seks år. Dette fordi lengre funksjonstid kan medføra at kvalifiserte personar ikkje ønsker å ta på seg oppgåva. Per i dag kan same kontrollør bli utnemnt for til saman to periodar a seks år. Dvs. maksimal funksjonstid på tolv år. Pelagisk Forening ser ingen grunn til at samla maksimal funksjonstid skal bli utvida, til å vera lengre enn i dag. Pelagisk Forening meiner altså at maksimal funksjonstid ikkje skal vera lengre enn tolv år. Dette m.a. fordi tolv år samsvarar med maksimal varigheit for mange åremålsstillingar i staten. Generelt kan det òg vera gunstig med regelmessige fornyingar i slike posisjonar. Talet på kontrollørar Pelagisk Forening ser at det kan vera ønskeleg at same kontrollør er kontrollør for meir enn eit salslag. Pelagisk Forening meiner at kvar kontrollør maksimalt kan vera kontrollør for tre salslag, og at det til ein kvar tid skal vera minst to kontrollørar. Dette for at kontrollørane skal kunne trekka vekslar på kvarandre sin kunnskap. |