Publisert: 1. jul. 2025

Auka overregulering for hysa og sei N?

HØYRNGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING

BEHOV FOR JUSTERINGAR I LUKKA GRUPPE SITT FISKE ETTER SEI NORD FOR 

62° NORD

Pelagisk Forening viser til Fiskeridirektoratet sin e-post av 24.6.

Me takkar for direktoratet si vurdering av vårt innspel.

Hysa

Det går fram, av direktoratet sin e-post, at det er svært får fartøy i den minste flåten som er i nærleiken av å ha fiska kvotane sine. Dette sjølv med svært stor overregulering. På det meste blir overreguleringa foreslått auka frå 2 000 % til 4 000 %.

Direktoratet foreslår ingen auking for flåten over 15 meter, men ønsker å avvente utviklinga i fiskeriet.

Pelagisk Forening stiller spørsmål ved om dobling overreguleringar, til 4 000, 2 000 og 1 200 %, vil føra til vesentleg auka fisketakt. Dette fordi direktoratet opplyser at det er få fartøy som er i nær kvotetaka sine.

Pelagisk Forening meiner at direktoratet bør vurdera å regulera kvantum oppover i kystgruppa.

Pelagisk Forening meiner at det er viktig at direktoratet føl fisket tett, og overregulerar dersom det synest å vera grunnlag for det.

Pelagisk Forening stiller òg spørsmål ved om det er ein skrivefeil i direktoratet sin e-post. Er det korrekt at det står 5 000 tonn att i open gruppa, og ikkje 5 00 slik direktoratet skriv?

Direktoratet skriv òg at hysa kan fiskast seinare på året. For trål er det korrekt, men for snurrevadflåten er hysa vanlegvis ikkje tilgjengeleg etter midten av september. Ved å venta med auka overreguleringa er det difor sannsynleg at hysa vil bli overført til trålgruppa.

Dersom direktoratet ikkje justerer overreguleringa, for flåten over 15 meter, no meiner Pelagisk Forening at direktoratet bør vurdera dette på nytt seinast i byrjinga av august.

Sei

Pelagisk Forening meiner at direktoratet bør venta til hausten før overreguleringa blir auka. Dette fordi seikvoten er lågare enn for føregåande år. Lågare torskekvote vil truleg òg føra til at fleire vil fiska meir sei enn kva dei har gjort tidlegare år. Av same grunn vil truleg fleire nytta seg av ferskfiskordninga.