Fjerning av unntak frå plikt til å betala co2-avgift. Høyring
Skatteetaten
horingsinnspill@skatteetaten.no
HØRYINGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING AVGIFTSFRITAK FOR CO2-AVGIFT FOR UTANRIKS SJØFART. AVGRENSING MOT FISKE- OG FANGSTFARTØY
Pelagisk Forening viser til høyring datert 21.3.25.
Innleiing
Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarlag. De kan lesa meir om Pelagisk Forening på www.pelagisk.net
Pelagisk Forening meiner at det er viktig at fiskerinæringa er så klimavennleg som mogeleg, og at fiskerinæringa skal fortsetja å bidra til det grøne skiftet.
Om oppheving av unntaket for fiske- og fangstfartøy
Pelagisk Forening er negativ til at det er co2-avgifta drivstoff til fiske- og fangst. Dette m.a. fordi avgifta verkar mot siktemålet, fordi det ikkje er alternative drivstofftypar, og fordi den særnorske avgifta svekker norske fiskarar sin konkurranseevne i høve til utanlandsk fiskerinæring.
I dag kan norske havgåande fiskefartøy lett unngå avgifta ved å bunkra i utlandet, eller ved å nytta unntaket som no blir foreslått fjerna. Dette fører til avgiftsmotivert ekstra køyring. Altså at fartøy går omvegar for å spara co2-avgift, og til auka utslepp av klimagassar.
Sjølv om forslaget blir vedtatt vil norske fiskefartøy framleis kunne bunkra i utlandet, og restbunkers vil framleis kunne brukast i NØS utanfor 12-mila. Difor vil fiskefartøy framleis køyra ekstra distansar for å bunkra avgiftsfritt. Forslaget vil såleis ikkje føra til mindre utslepp av klimagassar. Mest truleg vil forslaget føra til auka utslepp av klimagassar.
Fordi høyringsforslaget truleg vil føra til auka utslepp av klimagassar er Pelagisk Forening negative til høyringsforslaget.
Pelagisk Forening vil peika på at norske havgåande fiskefartøy framleis vil kunne bunkra avgiftsfritt i utlandet, og lovleg kunne bruka restbunkers i NØS utanfor 12-mila. Dette kjem òg fram i høyringsnotatet.
Difor vil ikkje forslaget føra til mindre bruk av diesel. Derimot vil forslaget føra til mindre bunkring i Noreg. Noko som kanskje vil føra til nedlegging av bunkersanlegg, tap av norske arbeidsplassar, og svekka beredskap langs kysten.
Merknadar til definisjonen av fiske- og fangstfartøy
Skatteetaten skriv at «Direktoratet foreslår at fiske- og fangstfartøy definerast som fartøy av eitkvart slag som er utstyrt for eller driv fiske og fangst, jf. saf. § 4-4-1 fjerde ledd andre punktum. Definisjonen omfattar både norske og utanlandske fartøy. Vi foreslår ikkje ein definisjon knytt til register, som det tidlegare gjaldt m.a. for fritak for grunnavgift for norske fiskefartøy.»
Dersom endringa blir vedtatt er Pelagisk Forening einig i at ein definisjon av fiske- og fangstfartøy ikkje skal knytast til eit register. Pelagisk Forening meiner at fiske- og fangstfartøy heller ikkje bør definerast som «fartøy av eitkvart slag som er utstyrt for eller driv fiske og fangst». Dette fordi det er nokre fiskefartøy som òg har lastesertifikat. Desse fartøy driv òg med annan aktivitet enn fiske eller fangst. Det kan vera transportoppdrag, oljevern eller service til oppdrettsnæringa. Ved slike oppdrag vil fartøya framleis vera utstyr for å driva fiske eller fangst. Skatteetaten sitt forslag vil, dersom det blir vedtatt, gje desse kombifartøya dårlegare konkurransevilkår enn fartøy som ikkje er utstyrt for fiske- eller fangst.
Det vil vera betre å knyta definisjonen til om desse kombifartøya faktisk driv fiske- eller fangst. Det vil vera lett å skilja. Dette fordi alle fiske- og fangstfartøy over ti meter pliktar å føra elektronisk fangstdagbok. Frå 1.1.26 vil alle fartøy, uavhengig av lengda, ha plikt til å føra elektronisk fangstdagbok.
Fartøya pliktar såleis å rapportera elektronisk i det dei går frå kai. Manglande rapportering er straffbart, og fører til kverrsetjing av fangstinntekt. Det vil såleis aldri vera tvil, for styresmaktene, om eit fartøy er i fiskeri eller ikkje.
Skatteetaten skriv at «Fartøy som krev avgiftsfritak for utanriksfart, må ved kjøp frå registrerte erklære at vilkåra for fritaket er oppfylte, jf. saf. § 4-4-4, noko som vil inkludere vilkåret om ikkje å vere eit fiskefartøy. Den registrerte avgiftspliktige kan som utgangspunkt legge erklæringa til grunn, utan å undersøke registerforhold eller liknande, men kan som i dag bli ansvarleg etter skattebetalingslova § 16-42-1 første ledd ved aktløyse om at vilkåra var oppfylte. Sistnemnte kan tenkast der det er openbert at det er tale om eit fiskefartøy ut frå utforming mv., men det blir erklært fritak for utanriks fart.»
Utforming tilseier ofte at det er openbart at om ein båt er ein fiskebåt eller ikkje, men det er ikkje like openbart om fiskebåten er i fiskeri eller ikkje. Fordi enkelte fiskefartøy òg har lastesertifikat, og blir brukt til anna enn fiskeri i periodar, vil det ikkje alltid vera slik at alle fartøyet som openbart ser ut som eit fiskefartøy alltid driv med fiske.