Publisert: 19. mai 2025

Stenging av felt i pelagisk fiskeri og i industritrålfiske

Pelagisk Forening gav m.a. uttrykk for at at Pelagisk Forening er kritisk til både prosessen, og til utforminga av dei konkrete forslaga, men at det er positivt med tiltak for å sikra bestanden av nordsjøsild.

Dei siste åra har det vore utfordrande å fiska kvotane på nordsjøsild, og det er rapportert vesentleg fiske på fisk like over minstemålet. Difor meiner Pelagisk Forening at alternative tiltak må vurderast samstundes.

I samband med reguleringsmøtet hausten 2024 uttalte direktoratet at det vil ta initiativ til ei arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa skulle ha mandat til å utarbeida kriteria for å stenga fiskefelt i fisket etter nvg, nordsjøsild og makrell, og om det var grunnlag for å fastsetja like stengingskriteria, og korleis kriteria eventuelt burde vera. Det ser ikkje ut som om det er nedsett ei slik arbeidsgruppa.

Dersom direktoratet vel å gå vidare med forslaga bør det opprettast ei slik arbeidsgruppa. I så fall må arbeidsgruppa sjølvsagt få tilstrekkeleg tid. 

Det er òg uklårt korleis prosessen blir vidare.

PF uttrykte òg at foreslåtte stengingsvilkår er svært vage og heilt opp til direktoratet sitt frie skjønn. Eventuelle stengte område må òg opnast automatisk etter ei viss tid.

Pelagisk Forening meiner at årsaka til «utfordringer med bifangst av hyse både over og under minstemål» truleg er at minstemålet er for høgt og at det er forbode å mala opp hysa. Diverre er det ikkje lønsamt å fiska hysa til konsum i Nordsjøen, og minstemålet og oppmalingsforbodet medfører at det heller ikkje blir fiska hysa til mjøl og olja. Regelverket har truleg ført til ein svært stor bestand av hysa.

PF uttrykte òg at andre tiltak, for å verna nordsjøsildbestanden, burde vore vurdert. M.a. aktsemdsområde og auka høve til å overføra større del av fartøykvotar frå 2025 til 2026.