Publisert: 12. mai 2025

Oppmoding til direktoratet om auka kvoteoverføringsadgang til 2026. Nordsjøsild

Fiskeridirektoratet

postmottak@fiskeridir.no

NORDSJØSILD

OPPMODING OM AUKING TIL 20 % KVOTEFLEKS FRÅ 2025 TIL 2026

Me viser til ICES sitt kvoteråd for 2025. Som kjent er rådet på 412 383 tonn, mot 532 166 tonn for 2024. Rådet medfører altså ein kvotenedgang på 22,5 %, sett i høve til 2024.

I fjor blei det rapportert vesentlege fangstar av sild som var like over minstemålet. I slike situasjonar blir det altså fiska vesentleg fleire individ enn om det hadde blitt fiska større sild.

Pelagisk Forening ber om at direktoratet snarleg endrar regelen for kvotefleks. Dette slik at det blir mogeleg å overføra inntil 20 % av 2025-kvotane, på fartøynivå, til 2026.

Pelagisk Forening presiserer at me ikkje ønsker endring av kor mykje som er lov å fiske av 2026-kvotane i 2025.

Sesongen for fiske etter nordsjøsild har nett byrja. Difor hastar dette.