Høyringssvar. Reguleringstiltak i fisket etter breiflabb og kveita
HØYRINGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING
REGULERINGSTILTAK I FISKET ETTER BREIFLABB OG KVEITA
Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 31.1.25.
Pelagisk Forening ønsker berekraftige fiskeri, og ser at dersom biologiske omsyn krev det så er det naudsynt med restriksjonar.
Pelagisk Forening oppfattar det slik at breifabb og kveita er s. k. «datafattige artar». Pelagisk Forening ser det som ein føremon om det blir forska meir på bestanden av desse artane.
Pelagisk Forening har berre mindre merknadar til høyringsforslaget.
Dersom forslaget, om at salslaga får heimel til å inndra fangstverdien for kveite under minstemål, blir vedtatt meiner Pelagisk Forening at det skal gjevast 20 % ilandføringsvederlag for undermåls kveita.
Dersom forslaget om innføring av eit maksimalmål på 160 cm for hovudkappa kveite, alternativt at kveite over ein viss storleik skal landast med hovud, meiner Pelagisk Forening at båe alternativ bør bli innført. Dette slik at den enkelte fiskar sjølv kan velja om han vil levera kveita med eller utan hovud.
Pelagisk Forening støttar Fiskeridirektoratet sitt innspel om innføring av «en besittelsesgrense for kveite i turistfisket». Pelagisk Forening støttar òg innføring av eit redusert maksimalmål for kveite som blir fiska i turistfisket.