Publisert: 13. des. 2024

Høyringssvar. Omsetningssystemet for fryst kvitfisk



HØYRINGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING

ENDRINGAR I OMSETNINGSSYSTEMET FOR FRYST KVITFISK

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev datert 22.11.24.

Prinsipielt er Pelagisk Forening tilhengar av at størst mogleg del av alt råstoff frå havet skal omsetjast gjennom auksjon. Det gjev størst verdiskaping i alle ledd, og gjev størst verdiskaping for Noreg.

Pelagisk Forening ønsker òg ein livskraftig kyst. Det er difor viktig at alle mottaka langs kysten får høve til å by på fangstar, og sikra seg råstoff til sin produksjon. Omsetning via auksjon sikrar at alle mottak får same høve til å kjøpa fangstar.

Dette korresponderer med konklusjonane i høyringsdokumentet. Overordna er difor Pelagisk Forening positive til forslaga i høyringsbrevet.

I høyringsbrevet blir det vist til Nofima sin rapport, og det står at «Det er eksempler på at hensikten med auksjonsplikten omgås uten at regelverket brytes.»

Pelagisk Forening støttar at regelverket blir endra slik at det blir umogeleg å omgå siktemålet med regelverket.

Pelagisk Forening er einig i at det blir satt ein maksimal pakkestorleik, og legg til grunn at forslaget på 125 tonn er høveleg. Pelagisk Forening meiner at storleiken bør evaluerast, og eventuelt justerast, dersom det viser seg at regelendringa ikkje har ønska konsekvens.

Pelagisk Forening støttar òg forslaget i pkt. c.

I høyringsbrevet står det at «Nofima mener salgslagene bør vurdere hvordan regelverket kan justeres og nevner som et mulig forslag overgang frå tilbudsplikt til salgsplikt.» Pelagisk Forening meiner at dette forslaget gjerne kan konsekvensutgreiast, og vurderast, dersom endringsforslaga ikkje fører til vesentleg auke av kor mykje råstoff som faktisk blir seld på auksjon.