Publisert: 13. des. 2024

Høyringssvar. Ny lov for å redusera matsvinn

HØYRINGSSVAR FRÅ PELAGISK FORENING

NY LOV OM FOREBYGGING OG REDUKSJON AV MATSVINN

Pelagisk Forening viser til høyringsnotatbrev av 10.12.24.

Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarlag. De kan lesa meir om oss på www.pelagisk.net

I lovforslaget § 2 står det at «Loven gjelder for offentlige og private virksomheter som produserer, distribuerer, omsetter eller serverer næringsmidler på norsk landterritorium og på Svalbard.»

I høyringsnotatet står det at «Begrepet næringsmidler er definert i EUs matlovsforordning artikkel 2, som er gjennomført i norsk rett i matlovsforskriften:

«I denne forordning menes med «næringsmidler» ethvert stoff eller produkt, uansett om det er bearbeidet, delvis bearbeidet eller ubearbeidet, som er bestemt til, eller med rimelighet kan forventes, å inntas av mennesker.»

Me legg difor til grunn at fisk og fiskeri er omfatta av definisjonen «næringsmidler».

Fiskarar produserer mat, men etter forslag til hovudregel skal ikkje fiskeri vera omfatta fordi lova ikkje omfattar sjøområde.

I § 2, 3. ledd er blir det foreslått at «Kongen kan gi forskrift om at loven helt eller delvis skal gjelde for virksomheter som produserer næringsmidler i norsk sjøterritorium og indre farvann.»

Dersom det blir gjeve ei slik forskrift vil fiskeri vera omfatta.

Me oppfattar det slik at det er uavklart om lova skal gjelda for fiskeri, jf. høyringsnotatet s. 37 «Det vil være behov for en nærmere vurdering av avgrensningene av loven knyttet til primærproduksjon for både fiskeri, havbruk og landbasert matproduksjon, og dette vil bli gjort i sammenheng med utarbeiding av underliggende forskrifter.»

Me meiner at dette burde vore avklart før lovforslaget blei sendt på høyring.

Me gjer merksam på at det er ein hovudregel om at all død eller døande fisk skal førast til land, jf. haustingsforskrifta (FOR-2021-12-23-3910) § 51. Påbodet gjeld alle kommersielle artar, og uavhengig av om fisken er lovleg fanga eller ikkje.

Brot på ilandføringsplikta kan medføra straffeansvar, jf. same forskrift § 76, og havressurslova §§ 61, 62 og 64.

Brot på ilandføringsplikta, altså å dumpa død, eller døande fisk, på havet synest å vera matsvinn etter lovutkastet.

All den tid det alt medfører straffeansvar å dumpa fisk synest det ikkje naudsynt at reglane om matsvinn skal gjelda for fiskeri.

Dersom lova òg skal gjelda for fiskeri vil det berre medføra ekstra rapporterings- og administrasjonskostnadar for fiskerinæringa. Det er ikkje naudsynt.

Det er nokre få tilfelle der det er straffbart å ta død, eller døande, fisk med til land. Dersom lovforslaget seinare òg skal gjelda for fiskerinæringa, må det presiserast at dette ikkje vil gjelda der det er forbode å ta med fisken. Som døme kan nemnast utøvingsforskrifta § 51 bokstav f. «Fangst av kveite over 2 meter. Slik fangst skal straks slippes på sjøen. Påbudet gjelder uavhengig av om kveiten er levedyktig eller død eller dødende.»

Dette fordi det ikkje kan vera slik at noko er påbode etter ei lov, og forbode etter ei anna lov.