Publisert: 12. nov. 2024

Tillegg til reguleringsmøtet, makrell, hysa, møteform m.m.

TILLEGG TIL TIDLEGARE INNSPEL TIL REGULERINGSMØTET 2024.

Pelagisk Forening viser til reguleringsmøtet der Fiskeridirektøren gav frist til tysdag 12.11.24 med å koma med innspel til reguleringsmøtet.

Makrell, kyst

I vårt innspel til reguleringsmøtet, datert 11. oktober, står det at:

«Som kjent har Havforskingsinstituttet nyss gjeve kvoteråd for 2025. Rådet er 22 % lågare enn for 2024. Lågare kvote talar for lågare overregulering, for gruppa under 15 meter. Pelagisk Forening ber om at storleiken på eventuell overregulering i gruppa under 15 meter blir vurdert nøye.

Eventuell overregulering òg må sjåast i samanheng med andre ordningar.

Pelagisk Forening ber om at Fiskeridirektoratet legg fram, i reguleringsdokumenta, ei oversikt som viser kystgruppa sitt fiske. Dette fordelt på fartøy over og under 15 meter, og frå 2021 til og med i år.»

Me er ikkje kjent med at direktoratet la fram ei slik oversikt. Difor har me ikkje oversikt over kor mykje desse gruppene har fiska desse åra.

For få år sidan klarte ikkje den minste gruppa å fiska makrellkvotane. Dette på tross av overreguleringar. Dette førte til at gruppa over 15 meter fiska dette kvantumet.

Pelagisk Foreining meiner at det er viktig at nasjonale kvotar blir fiska.

Dei siste åra har det vore god tilgang av makrell nær kysten, og for 2022 er det òg etablert ei kvotesamarbeidsordning. Fangstmetodene har og endra seg med utvida bruk av lysfiske.

I 2024 er det slik at flåten under 15 meter har 100 % overregulering, og garantert kvote «i botn». Flåten over 15 meter har ikkje overregulering.

I år har truleg fleire båtar, i gruppa under 15 meter, fiska makrell enn tidlegare år. Årsakene kan vera fleire. Både regulatoriske og biologiske.

Eventuelt overfiske, gjort av flåten under 15 meter, blir trekt frå gruppekvoten til heile kystgruppa. Eventuelt overfiske, av flåten under 15 meter, vil såleis føra til at både båtar over og under 15 meter får lågare kvotar året etter.

Dette her har altså ført til ei utilsikta omfordeling frå gruppa over 15 meter, til gruppa under15 meter.

Det er òg viktig at reguleringa er slik at kvar gruppa får fiska sine kvotar, og at det ikkje skjer utilsikta omfordeling mellom gruppene.

Kvotenedgangen, på 22 %, bør takast omsyn til i val av eventuell overreguleringsgrad.

Pelagisk Forening ber difor om at direktoratet nøye vurderer nivået på overreguleringa i lys av den endra fangstkapasiteten til kyst under 15 m.

Makrell, hav

Pelagisk Foreining viser til mellombels ordning der eventuelt fiske ut over fartøykvotar fører til kvotetrekk på fartøynivå neste år. Pelagisk Forening ber om at denne ordninga blir vidareført.

Nvg, nordsjøsild og kolmule.

Pelagisk Forening støttar forslag om at fiske utover kvote òg fører til kvotetrekk på fartøynivå òg for kolmula, nvg og nordsjøsild.

Utarbeiding av kriteria for å stenga felt, makrell, nvg og nordsjøsild.

Me viser til Kystvakta sitt forslag om like kriteria for å stenga fiskefelt i fisket etter makrell, nvg og nordsjøsild.

Pelagisk Forening ønsker å delta dersom det blir oppretta ei arbeidsgruppa for å utarbeida kriteria for å stenga fiskefelt.

Torsk

Pelagisk Forening mener at det kan være på tide å vurdere et maksimumsmål for torsk nord for 62° N. Maksimumsmål er innført i andre fiskerier, og Havforskningsinstituttet har uttalt at det kan være et tiltak å bevare de største fiskene. Dette fordi disse er viktige for torsken sin reproduksjon.

Dette må selvsagt kun gjelde der fisken har mulighet for overlevelse.

Ferskfiskordningen

Pelagisk Forening mener at bare fisk til humant konsum skal gi ferskfiskbonus. Men, det bør likevel ikke gis ferskfiskbonus til sei fisket med nót.

Hyse

Pelagisk Forening viser til Fiskeridirektoratets sakspapirer for hyse nord for 62° N. I kapittel 5.4.2 foreslår Fiskeridirektøren å stenge direktefiske etter hyse med snurrevad for fartøy over 15 meter fra påske til juni innenfor 4 mila i Øst-Finnmark.

Pelagisk Forening er imot forslaget.

Vi mener forslaget er for inngripende og for dårlig utredet. Det er i tilstrekkelig grad ikke vurdert konsekvensene for flåten over 15 m. Perioden for stenging er for lang, områdets geografiske størrelse er stort og virkningene av forslaget er ikke vurdert i sin helhet. Forslaget vil i stor grad medføre at hyseflåten som fisker med snurrevad blir lagt til kai i den perioden.

Pelagisk Forening mener at dagens løsning med RTC er et tilstrekkelig virkemiddel, og det gjør også at stenging vurderes felt for felt. Fiskeridirektoratet er kjent med problematikken, som tas opp i sakspapirene, og bør derfor kunne vurdere stenging, og åpning, fortløpende.

Pelagisk Forening foreslår heller en økning av maskestørrelse til 130 mm istedenfor det forslaget som Fiskeridirektøren legger frem.

Dersom man ønsker å innføre forslaget for senere år ber vi om en skikkelig vurdering av konsekvensene av forslaget, og særlig for flåten over 15 m, og hva det vil ha å si for landindustrien i området.

Klimaeffektar av fiskerireguleringar, og overføring av soneadgang i kolmulefiskeriet.

Me viser til direktoratet sitt saksframlegg i sak 29a/2024. «Fiskeridirektoratet vil i årene som kommer derfor i økende grad vurdere hvordan ulike fiskerireguleringer påvirker utslipp av klimagasser og trekke dette inn i sitt beslutningsgrunnlag og sin rådgiving om hensiktsmessige reguleringer.»

Me viser òg til s. 7 der direktoratet skriv at «For å redusere utslipp av klimagasser ytterligere kan det være nyttig å vurdere en meir permanent ordning med inn og utleie av fiskekvoter.»

Pelagisk Forening ber om at direktoratet òg vurderer ei ordning der det blir mogeleg å overføra soneadgang mellom fartøy som fiskar kolmule. Dette fordi det vil føra til mindre utslepp per kg fisk dersom fartøy kan lasta opp heile fiskebåten på kvar tur, og unngå å måtte gå ekstra turar for å fiska heile kvoten.

Me meiner at kolmule i Færøysona er eit fiskeri som egnar seg for ei prøveordning. Dette m. a. pga. stor avstand til kolmulefelta, og relativt få fartøy, og ei ukomplisert regulering.

Det kan vera hensiktsmessig at direktoratet, næringa og Sildesalslaget samlast for å diskutera korleis ei slik ordning kan utformast og administrerast.

Av klimaomsyn er det sjølvsagt ein føremon at klimavennlege reguleringar blir innført så snart som mogeleg. Me reknar òg med at det er ein føremon å få erfaring frå eit fiskeri før liknande ordningar blir innført i fleire fiskeri.

Me ber difor om at direktoratet innfører ei prøveordning for fisket etter kolmule i Færøysona, og eventuelt UK og EU sine soner dersom det blir inngått fiskeriavtalar med desse landa. Dette med verknad frå og med 2025.

Fristar for innspel til reguleringsmøtet

Pelagisk Forening meiner at direktoratet bør legga fram sakspapira tidlegare. Dette for at organisasjonane skal få tilstrekkeleg tid til å vurdera direktoratet sine forslag.

Fristen for å levera innspel var fredag 11. oktober 2024.

I år såg me at Fiskarlaget leverte eit svært omfattande innspel etter at fristen for å levera innspel var gått ut. Innspelet er datert 28. oktober. Altså 17 dagar etter direktoratet sin frist.

Forslaget førte til eit eige saksframlegg frå Fiskeridirektoratet. Dette er datert 1. november. Altså fem dagar før reguleringmøtet.

Direktoratet skriv sjølv at det ikkje har hatt tilstrekkeleg tid til å vurdera desse innspela.

Det seier seg sjølv at andre organisasjonar heller ikkje hadde god tid til å vurdera innspel levert så nær reguleringsmøtet, og heller ikkje direktoratet sine synspunkt på innspel som er levert så kort tid før reguleringsmøtet.

Pelagisk Forening meiner at fristen, for å koma med innspel, bør vera absolutt. Fristen bør òg vera lik for alle.

Forma til direktoratet sine saksframlegg/reguleringsdokument

Pelagisk Forening meiner at når direktoratet forslår endra regulering, sett i høve til føregåande år, bør dette koma tydelegare fram i direktoratet sine saksframlegg.

Direktoratet bør svara på innspel

Som kjent har organisasjonane frist til å levera innspel før direktoratet legg fram sine saksframlegg. Pelagisk Forening forventar difor at direktoratet svarar på spørsmål i innspela som blir levert inn.

Lokalisering av reguleringsmøtet

Til sist vil me nemna at flyttinga av møtet, frå Fiskeridirektoratet sitt lokale, til Hotel Admiral, gav vesentleg betre arbeidstilhøve. Pelagisk Forening støttar difor at framtidige reguleringsmøte blir halde i større lokale enn kva direktoratet har.