Publisert: 9. okt. 2024

Fjordlinjer og "Sildestreken"

Fiskeridirektoratet

postmottak@fiskeridir.no


NVG INNAFOR FJORDLINJENE, JF UTØVINGSFORSKRIFTA § 33F
OG
HAUSTINGSFORSKRIFTA § 59 «SILDESTREKEN"

Pelagisk Forening har medlemmar som melder om at vesentlege mengder med nvg-sild utanfor fjordlinjene, og at silda har kurs mot fjordlinjene.

Etter kva me forstår så trakk silda innanfor fjordlinjene tidlegare i fjor enn i 2022. Fare for at denne trenden fortset talar for at direktoratet bør vera godt budde på å gje raske dispensasjonar når silda trekk innanfor fjordlinjene.

Det er òg viktig at Sjøtenesten er godt budde, og har naudsynt personell, til prøvefiske.

For å redusera risikoen for at norske fiskarar ikkje får fiska sildekvotane sine ber Pelagisk Forening med dette om at Fiskeridirektoratet er budde på prøvetaking, og dispensasjon, dersom det viser seg at silda trekk innanfor fjordlinje.

Havforskingsinstituttet må òg involverast.

Omsyn til verdiskaping, ro i fiskeriet m. m. talar for at fiskarane bør ha visse om at det blir gjeve dispensasjon dersom det blir naudsynt. Dette fordi silda har betre kvalitet seinare på året.

Uvisse om fiskarane får fiska nvg innanfor fjordlinjene kan gjera at fiskarane må fiska kvotane sine før silda trekk innanfor fjordlinjene. Det kan føra til at meir av silda går til mjøl og olja, og ikkje til konsum.

Når det blir gjeve dispensasjon på dispensasjonen gjelda ringnotfartøy, kystnotfartøy og SUK-fartøy over 28 meter.

Me viser til utøvingsforskrifta § 33 f, 7. ledd som seier at:

«Fiskeridirektoratet kan gjennom forskrift gjøre unntak fra forbudet i første ledd i bestemte fiskerier for bestemte fartøygrupper i bestemte områder for et bestemt tidsrom, i særlige tilfeller når det vurderes å være nødvendig for praktisk gjennomføring av fisket og det er vurdert forsvarlig ut fra biologiske og økosystembaserte betraktninger. I denne sammenheng skal Havforskningsinstituttets vurderinger tillegges stor vekt

Me viser òg til utøvingsforskrifta § 33f, 8. ledd der ordlyden klart viser at lovgjevar har meint at Fiskeridirektoratet skal ha høve til å gje dispensasjon for fartøy over 28 meter til å fiska nvg-sild innanfor fjordlinjene.

Haustingsforskrifta § 59 «Sildestreken»

Medlemmer melder at silda trekk mot «Sildestreken».

Tidlegare år har forbodsregelen i haustingsforskrifta § 59 skapt problem. Regelen er gamal, og omsynet bak er å unngå fiske på undermåls sild. Pelagisk Forening meiner at endra utbreiing og vandringsmønster har gjort regelen mindre relevant. Det synest som om regelen har utspelt si rolla, og berre er eit hinder for rasjonelt sildefiskeri.

Pelagisk Forening meiner at regelen bør opphevast. Subsidiært at Fiskeridirektoratet får heimel til å innskrenka området det er forbode å fiske nvg.

Me forstår det slik at det er NFD som eventuelt må endra forskrifta.

Pelagisk Forening ber om at direktoratet tek kontakt med NFD og oppmodar NFD om å endra regelen.