Innføring av plikt til ERS og VMS for flåten under 15 m?
PELAGISK FORENING Sine merknadar til rapport om evaluering av innføring av ers og vms for fartøy under 11 meter
Pelagisk Forening viser til direktoratet sin rapport av 15.8.24, og direktoratet sin presentasjon på møte 27. august 2024. I møtet gav Fiskeridirektoratet ein månad frist til å levera skriftlege innspel. Dette innspelet er levert innan fristen.
På side fire i rapporten blir NOU 2019:21 sitert. ««Melding om havneanløp skal som utgangspunkt sendes senest to timer før anløp til havn, men fartøy som foretar siste fiskeoperasjon nærmere havn enn to timer, skal sende meldingen snarest mulig før anløp havn. Dette unntaket svekker formålet med bestemmelsen og gir handlingsrom for fartøy som ønsker å unngå kontroll. Å fjerne dette unntaket, vil lukke dette handlingsrommet uten vesentlig kostnad for fiskerne.»
Det er feil at fjerning av unntaket ikkje medfører vesentlege kostnadar for fiskarane. Eventuell fjerning, av unntaket, vil medføra vesentleg kostnadar i form av ikkje-naudsynt ventetid. Dette er tid som kan nyttast til fiskeri, landing av fisk, vedlikehald av båt og bruk etc. Eventuelt kan tida nyttast til kvile. Eventuell fjerning av regelen vil òg kunne føra til mindre kvile, og såleis dårlegare tryggleik. Eventuell fjerning kan òg føra til venting, og mindre produktivitet, for fiskemottak.
På møtet forsikra Fiskeridirektoratet fleire gangar at det ikkje var aktuelt å fjerna dette unntaket. Pelagisk Forening legg dette til grunn.
Direktoratet skriv at «Fiskeridirektoratet ønsker selv å kunne gjøre undersøkelser blant brukere av ERS og VMS, slik at regelverket og rapporteringskravene kan justeres, og vil starte et arbeid med å tilrettelegge for at slike undersøkelser i fremtiden kan gjennomføres.» Pelagisk Forening støttar dette. Arbeidet bør gjerast før det blir innført ytterlegare rapporteringkrav for den minste flåten. Dette for å unngå at uheldige løysingar blir vidareført i andre flåtegrupper.
I rapporten står det at «de forumene hvor Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet møtes blir det kommunisert et stort behov for fangst-, aktivitets- og posisjonsrapportering også fra den minste flåten. Rapportering fra fartøy over 15 meter har vist hvor viktig ERS og VMS er for bestandsforskning.» Pelagisk Forening meiner at det bør klargjerast i kva grad innsamling av store mengder data faktisk blir brukt før flåten blir pålagt arbeid, utgifter, og sanksjonar ved eventuelle feil, før fiskarane blir pålagt å installera sporingsutstyr.
I rapporten står det òg at «I tillegg brukes disse dataene som dokumentasjon i areal- og interessekonflikter med andre næringer.» Pelagisk Forening ser at dette er ein nyttig verknad av sporingsutstyr, men biologiske endringar gjer at fisken flyttar seg. At det ikkje har vore omfattande fiskeri i eit område nokre år er såleis ikkje automatisk det same som at det ikkje kan bli fiskeri i bestmte område. Sporingsdata må difor ikkje brukast ukritisk.
Direktoratet viser til grunnlova, og skriv at «Etter Grunnloven § 112 har borgerne rett til kunnskap om naturmiljøet og virkningene av inngrep. Det er statens plikt å sette i verk tiltak som legger til rette for dette.» Omsynet til fiskarane sitt personvern er ikkje nemnt. Dette er ein svakheit ved rapportenn.
Direktoratet skriv at «Ethvert krav som myndighetene pålegger næringen må være forholdsmessig. I det ligger at fordelene som oppnås ved at kravene innføres må veie tyngre enn de byrdene som pålegges. Ulempene som gjelder ERS og VMS vil i hovedsak bestå av anskaffelse av utstyr, driftskostnader og tidsbruk rundt rapportering.» Sistnemnte er korrekt, men ikkje fullstendig. Ulemper som gebyr og straff dersom utstyret ikkje verkar som det skal, eller det er rapportert feil, bør òg vektleggast. Det same gjeld tidsbruk ved feil. Erfaring frå større fartøy si rapporteringsplikt viser at direktoratet har mange slike saker, og at fiskarane i praksis ofte har dårleg rettsvern.
Når det er plikt til å rapportera vekta på fangsten av dei enkelte artane, og fangstane er relativt små på mindre båtar, aukar faren for at avvik blir relativt store. Kombinert med gebyr og straff er ulempene vesentlege. Dette burde vore omhandla i rapporten.
Pelagisk Forening ser at samfunnet sitt krav til rapportering, og frå den minste flåten, har auka dei seinare åra. Det er viktig at reglane blir utforma slik at ein unngår gebyr, inndragingar, og/eller straff for feil som er vanskeleg å unngå over tid.
Direktoratet skriv òg at «Et alternativ kan være at næringen selv rapporterer inn til organisasjonene for ulike sertifiseringer. Typisk vil dette skje via egne rapporteringssystemer, og Fiskeridirektoratet har da ingen rolle for innhenting, validering og formidling av dataene som rapporteres. Fiskeridirektoratets antagelse er at dette vil påføre fiskeren en større kostnad og mer tidsbruk rundt rapportering. I tillegg antas det økt forekomst av dobbeltrapportering i ulike systemer. Kontrollbehovet og forskningens databehov vil med dette alternativet ikke bli ivaretatt.» Pelagisk Forening er einige i dette. Rapportering til sertifiseringsorganisasjonar må unngåast.
Pelagisk Forening meiner at direktoratet bør ha større forståing for at kostnadane med sporingsutstyr er relativt store for mindre fiskefartøy.
Pelagisk Forening meiner at ved eventuell innføring av nye rapporteringskrav er det viktig med forutsjånad, og at både fiskarar og leverandørar får god tid til å innretta seg til krava.
Det er òg viktig at reglane ikkje blir slik at det er uråd å unngå å bryta reglane over tid. Det er òg viktig at direktoratet ikkje har fokus på formalbrot, men brukar kontrollressursane på faktisk ulovleg fiske.
I rapporten skriv direktoratet at «I dag reageres det med myk håndhevelse i tiden etter at innføringen har tredd i kraft. Dette har vært viktig for næringen for å kunne lære seg et nytt utstyr og et nytt regelverk.» Dette er vel og bra, men grunnleggande rettsvernsomsyn tilseier at reglane ikkje må vera slik at det er uråd å unngå å bryta reglane over tid. Dette gjeld spesielt for fangstestimering.
«For fartøy under 11 meter er det gjort en rekke unntak for å avbøte mengden meldinger som må sendes i forbindelse med en fisketur. Fiskeridirektoratet anbefaler at disse unntakene også skal gjelde for fartøyene 8-10 meter.» Pelagisk Forening er einig i dette.
Når det gjeld rapportering av fastståande bruk er det slik at dette fungerer svært godt i dag. Det er òg svært nyttig at fiskarane ser, på kartmaskinen sin, andre fiskarar sine fastståande bruk. Dette unngår mange brukskollisjonar, og unngår ikkje-naudsynt køyring, og tap av tid.
Pelagisk Forening ser at dei fleste av dei minste båtane ikkje har denne typen kartmaskinar, men vil poengtera at dersom rapporteringa, av fastståande bruk, blir flytta til fangstdagboka bør det vera eit system som gjer at andre båtar ser nøyaktig plassering av andre sine bruk.
Det er òg viktig med god rettleiing frå myndigheitene si sida.