Publisert: 30. aug. 2024

Høyringssvar. Ny lov om vern av marin natur utanfor 12-mila

PELAGISK FORENING SITT HØYRINGSSVAR - FORSLAG TIL NY LOV OM VERN AV MARIN NATUR UTENFOR TERRITORIALFARVANNET

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 16.5.24.

Innleiing

Dei siste åra har interessekonfliktane, om havareal, auka dramatisk. Fiskarane må vika for olje- og gassutvinning, seismikk, vindturbinar til havs, og fleire og fleire verneområde.

Det er viktig at departementet er klar over at fisk, og spesielt pelagisk fisk (sild, makrell, lodda, kolmula mfl.), er den typen mat med lågast klimaavtrykk. Det er òg viktig å vera klar over at det ikkje berre er å fiska fisk ein annan stad. Stenging av område vil føra til meir leiting, og større utslepp per kg fisk. I verste fall vil fiskeri kunne stoppa opp. Det vil føra til at folk må eta annan mat. Truleg mat med høgare klimautslepp.

Vern kan òg føra til tap av arbeidsplassar langs kysten.

Me går ikkje inn på Noreg sine rettar etter folkeretten eller havretten.

Pelagisk Foreining sine hovudsynspunkt

  • Pelagisk Forening meiner sjølvsagt at havet må takast vare på.
  • Eventuelle fiskeforbod må vera tufta på vitskap, og ikkje på «vern for vernet sin del».
  • Det må vera lov å fiska med alle andre reiskapar enn botntrål sjølv om eit område blir verna.
  • Tradisjonelle fiskefelt må kunne fiskast på som i dag.
  • Det må òg takast høgde for at naturen endrar seg, og at fisk vil endra vandringsmønster.
  • Vern må òg gjelda havvind, havbruk, utvinning av mineral frå havbotn, og dumping av gruveslam, nitrogen o.l.
  • Eventuelt fiskeforbod må berre kunne skje etter gode prosessar der relevante fiskeriinteresser har deltatt. Dette må lovfestast.
  • Fiskeforbod må ikkje bli innført utan etter grundig konsekvensutgreiing.
  • Fiskarane må vera representert i eventuelle rådgjevande utval. Dette må òg lovfestast.

Merknadar til enkelte punkt i høyringsnotatet

Formålsparagrafen, i utkastet, er å «bidra til å bevare marin natur utenfor territorialfarvannet, gjennom langsiktig, effektivt og representativt vern, som en del av en helhetlig og økosystembasert havforvaltning». Formålet burde samsvara med formålet med havressurslova. «Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna.» Jf. § 1.

I forvaltninga av landområde er det eit politisk mål å verna kulturlandskap. Dvs. landskap som er forma av lang menneskeleg bruk. T.d. lyngheiar og blomstereng. Når det gjeld omgrepet «bevaring», jf. forslaget § 4 bør det vurderast om «kulturlandskap» under vatn har ein eigenverdi, og bør bevarast. Som døme kan nemnast område som er brukt til fiske over lang tid, og er forma av det. T.d. trålfelt.

Pelagisk Forening er einige i at «Vern etter denne loven vil likevel ikke være til hinder for at det samtidig kan tillates ulike former for bruk i området, så lenge bruken ikke forringer

verneverdiene angitt i verneformålet». Alt fiskeri påverkar sjølvsagt havet, men Pelagisk Forening meiner at berekraftig kvoteregulert fiskeri ikkje må definerast som «forringer» verneverdiar.

Det er eit stadig press for meir og meir vern. Lova bør setja eit «tak» på kor stor del av havet som kan bli stengt for fiskeri.

Det føl av lovforslaget at lova «skal gjelde med de begrensninger som følger av

folkeretten. Dette innebærer at loven skal tolkes innskrenkende eller settes til side der lovens

bestemmelser kommer i konflikt med folkerettslige forpliktelser.» Pelagisk Forening meiner at dersom folkeretten medfører at Noreg ikkje står fritt til å forby visse aktivitetar for utlendingar så må dei same reglane gjelda for norske borgarar og norske verksemder. Noko anna vil medføra diskriminering av norske borgarar/ norske verksemder.

«Målet etter bokstav c er at områdevern skal bidra til bevaring av «truet natur». Bestemmelsen tilsvarer naturmangfoldloven § 33 første ledd bokstav c. Med truet natur

menes naturtyper eller arter som er i ferd med å forsvinne eller som er i sterk nedgang.

De norske rødlistene fra Artsdatabanken, samt internasjonale lister over trua og

nedadgående arter og habitater fra for eksempel IUCN og OSPAR, gir et godt utgangspunkt

for hva slags og hvor mange arter og naturtyper som er aktuelle som grunnlag for vern.

Rødlistene skiller ikke mellom hvilke arter som finnes innenfor eller utenfor

territorialfarvannet. Rødlistene er for øvrig dynamiske og oppdateres med jevne mellomrom.»

Pelagisk Forening meiner at det bør skildrast betre kva som ligg i skjønnstemaet «truet natur». Det bør òg lovfestast at norske myndigheiter må ta ei sjølvstendig vurdering av omvilkåret er oppfylt. Å visa til raudlister bør ikkje vera tilstrekkeleg.

I høyringsnotatet blir det vist til konvensjonen om biologisk mangfold (CBD) artikkel 8. Vidare skriv departementet at «Det ble blant annet enighet om en global målsetting om at minst 30 prosent av verdens kyst- og havområder innen 2030 skal være bevart gjennom marine verneområder og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak. Disse områdene skal i

tråd med Mål 3 være «effektivt bevart og forvaltet gjennom økologisk representative,

godt sammenhengende og rettferdig forvaltede systemer av verneområder og andre

effektive arealbaserte bevaringstiltak”. Videre skal minst 30 prosent av havområdene

som er forringet være under restaurering innen 2030. Det pågår arbeid med å vurdere

hvordan dette skal følges opp nasjonalt.»

Pelagisk Forening oppfattar ikkje dette slik at det ei målsetjing å innføra fiskeforbod i 30 av farvatnet innanfor 200-mila. Dersom det blir innført fiskeforbod i eit slikt omfang vil norsk fiskeri bli kraftig redusert, med dei negative verknadane det vil ha for næringsliv, arbeidsplassar, busetnad og redusert produksjon av klimavennleg mat.

Departementet skriv at «med «vern» eller «områdevern» forstås i denne loven et tverrsektorielt og langsiktig virkemiddel for effektiv bevaring, som i utgangspunktet

regulerer all aktivitet som kan påvirke verneverdiene negativt.» Det kan vera ulike meiningar om fiskeri «kan påvirke verneverdiene negativt» eller ikkje. Pelagisk Forening meiner difor at det må lovfestast eit unntak for berekraftig fiskeri.

Når det gjeld forslaga om vilkår for vern meiner Pelagisk Forening at forslaga er så vide at det synest som om alle havområde kan vernast.

«Det nærmere innholdet i hva vernet betyr vil følge av mer detaljerte og utfyllende bestemmelser i verneforskriften. Etter naturmangfoldloven § 39 femte ledd andre punktum følger det at verneforskriften i utgangspunktet kan sette forbud mot all virksomhet, tiltak og bruk. Det samme vil følge av lovforslaget § 6 femte ledd om forskrifter om verneområder.» Som nemnt meiner Pelagisk Forening at det ikkje bør vera rettsleg grunnleg for å forby berekraftig fiskeri.

Departementet viser til Ot.prp.nr. 52 (2008-2009) er begrepet «rettighetshavere» beskrevet på følgende måte: «Som rettighetshavere regnes bl.a. festere, servitutthavere (beiterett, hogstrett og lignende), rettighetshavere til utvinningstillatelser etter petroleumsloven og ninerallovverket, allmenningsberettigede og utøvere av reindriftsrett. Fiskere kan normalt ikke regnes som rettighetshavere til fisk eller fiskeområder i sjø i denne sammenheng. Saltvannsfiske må i utgangspunktet betraktes som en allemannsrett. En særrettighet vil først kunne oppstå hvis for eksempel en mindre krets av fiskere har en festnet, etablert bruk av et konkret sjøområde. Hovedregelen vil m.a.o. være at det skal særlig sterk og eksklusiv tilknytning til et område for at fisket skal kunne betraktes på samme måte som en «tinglig» rett.» Pelagisk Forening vil peika på at fiske med landnot, låssetting og enkelte laksereiskap truleg bør omfattast som slike rettar.

Dersom vern i praksis stoppar lukka fiskeri, fordi det ikkje er mogeleg å utøva desse fiskeria andre stadar, bør kvoteeigarane reknast som «rettighetshavarar» etter lova.

Pelagisk Forening er einige i at «Restriksjoner på aktivitet skal likevel stå i forhold til verneformålet», og at dette bør lovfestast.

Når det gjeld forslaget om opning for at visse tiltak ikkje skal kunne skje utan søknad og løyve frå styresmaktene meiner Pelagisk Forening at det må vera lovfesta krav til kort sakshandsamingstid. Maksimalt 14. dagar. Dette fordi fiskeri endrar seg raskt. Det bør òg vurderast om Fiskeridirektoratet bør vera søknadsinstans for søknadar om fiskeri i verneområde.

Pelagisk Forening er einig i forslaget om at det bør vera mogleg å fastsetja ulike reglar for ulike deler av verneområde.

Dersom det blir gitt dispensasjonar frå verneforskrifter må dispensasjonen gjelda for alle som driv med same type fiske eller fangst.

Verneprosessen

Pelagisk Forening er einig i målet om god og inkluderande sakshandsaming. I tillegg er det viktig med grundige konsekvensutgreiingar.

Departementet skriv at «Overordnet foreslår departementet at det tydeliggjøres i lovteksten at berørte myndigheter skal involveres på en god måte i saksforberedelsen.» Det same må gjelda næringsutøvarar og organisasjonane deira.

Det er bra at det blir presisert at ordlyden «berørte myndigheter» og skal involveres på en hensiktsmessig måte der det er relevant. Berørte interesser vil for eksempel omfatte representanter for næringsinteresser eller rettighetshavere i området.

«Departementet foreslår at det presiseres bestemmelsen at det er andre mulige verdier enn «verneverdier» det skal innhentes kunnskap om. Dette kan særlig være kunnskap om mineralressurser, fiskeriressurser, petroleum, vindkraftpotensiale, kunnskap om områdets egnethet for akvakultur eller annet av betydning for ulike former for utøvelse av ulike næringsaktiviteter.» Pelagisk Forening gjentek at konsekvensane, av vern, må utgreiast grundig før vern. Dette omfattar òg konsekvensane for fiskerinæringa.

Verneforslag må òg sendast på høyring til dei som kan tenkjast å bli påverka av eventuelt vern. Dette bør lovfestast. Publisering er altså ikkje nok.

Pelagisk Forening støttar at rettigheitshavarar skal varslast skriftleg. Dette må òg gjelda mogelege rettigheitshavarar.

«Det følger etter dette av lovforslaget § 10 første ledd første punktum at når det er

foretatt kunngjøring av et planlagt verneforslag, kan søknader om tillatelse mv. til tiltak

etter annen lovgivning i et område som inngår i verneforslaget, avslås av ansvarlig

myndighet på grunnlag av det planlagte verneforslaget. Bestemmelsen gjelder både for

tiltak som trenger tillatelse, konsesjon, løyve, dispensasjon eller annen form for

godkjenning før de kan settes i verk.» Pelagisk Forening meiner at dette er inngripande, og er einige i at høvet til å avslå tiltak bør vera avgrensa i tid. Det er føreslått fira år. Pelagisk Forening stiller spørsmål ved om det er for lang tid?

Pelagisk Forening er einig i krava til innhaldet i høyringsforslag, og høyringsfrist på minst to månadar.

Dersom Miljødirektoratet stiftar eit rådgjevande utval for forvaltning av verneområde bør det lovfestast at sektormyndigheiter som Fiskeridirektoratet skal delta. Høyringsnotatet bruker ordet «kan», men det er ikkje tilstrekkeleg.

Pelagisk Forening støttar at vedtak, etter denne lova, blir innført i eit miljøvedtaksregister. Registeret bør vera offentleg tilgjengeleg.

Sanksjonar og straff

Pelagisk Forening meiner at det er viktig at det er ei reell toinstanshandsaming av klagar. Rettssikkerheitsomsyn gjer det viktig at same personar ikkje kan delta i begge trinn i handsaming av same klage. Dette i motsetnad til kva som har vore vanleg i Fiskeridirektoratet i ei årrekka.

Pelagisk Forening meiner at det ikkje bør kunne fastsetjast gebyr høgare enn kva som er foreslått i høyringsnotatet.

Skadebot

Generelt ønsker fiskarane å fiska, ikkje å få skadebot.

Pelagisk Forening meiner at yrkesfiske, og spesielt kvoteregulert fiskeri, ikkje er utøving av allemannsrett. Vesentleg vanskeleggjering av slikt fiskeri bør kvalifisera til skadebot. Departementet skriv at «Hvorvidt fiske i et avgrenset område i spesielle tilfeller skal regnes som en «festet» rett som likevel kan utløse rett til erstatning, vil bero på en konkret vurdering.» Pelagisk Forening meiner at dette er for upresist, og at problemstillinga burde vore grundigare omtalt.

Departementet skriv òg at «Det vises videre til at nye lover og bruksområder kan komme til ettersom lovgivningen og bruken av havet utvikler seg. Departementet foreslår derfor at departementet gis en generell forskriftshjemmel til å fastsette hva som er «igangværende bruk», jf. lovforslaget § 29 siste ledd, uten at det samtidig foretas en opplisting av hva slags virksomhet og hvilke lover som kan være aktuelle i denne forbindelse.» Pelagisk Forening er usamd i dette. Spørsmålet er så viktig til å bli delegert til forskrift.

Bergen, 30.8.24

Ask ØklandMariann Frantsen

AdvokatDagleg leiar