Publisert: 18. jun. 2024

Refordeling av hysa i stor kyst?

"Pelagisk Forening ber om at direktoratet vurderer om det er grunnlag for å refordela, eller innføra fritt fiske, for kystgruppa mellom 15 og 21 meter og gruppa 21 og 27.9 meter. Dette så snart som mogeleg.

Me viser til at i 2023 blei det overført ca. 15 000 tonn frå kystgruppa til hav (trål og autoline.)

Efaringsmessig er hysa meir spreidt frå månadsskiftet august/september, og då vanskelegare tilgjengeleg for snurrevad.

Det er difor viktig at ei eventuell refordeling/ opning for fritt fiske ikkje skjer for seint. Det er difor ønskeleg med ei refordeling/ fritt fiske så snart som mogeleg.

For gruppa 21 til 27.9 meter er det, at per veke 23, fiska 3 818 tonn. Dette er ca. 200 tonn meir enn på same tid i fjor.

Rett nok er kvota lågare enn i fjor, men det står framleis 2 935 tonn att i gruppa 21 til 27,9 m gruppa.

I 2023 blei det fiska 2 213 tonn frå veke 23 og ut året, og då var det fritt fiskeri frå sommaren og ut året.

For gruppa 15-21 meter er det fiska 6 882 tonn per veke 23, og det står att 3 230 tonn.

Me minner òg om at pga. stor nedgang i torskekvotane er andre fiskeri blitt viktigare for flåten, og for norsk verdiskaping."