PF er uroa for nordsjøsildbestanden, og ber om tiltak
BEKYMRING FOR NORDSJØSILDBESTANDEN, OG OPPMODING OM TILTAK FOR Å REDUSERA FISKET AV SMÅSILD
Me viser til ICES sitt kvoteråd for 2025. Som kjent er rådet på 412 383 tonn, mot 532 166 tonn for 2024. Rådet medfører altså ein kvotenedgang på 22,5 %, sett i høve til 2024.
Pelagisk Forening er urolege for at bestanden, av nordsjøsild, er lågare enn kva ICES og Havforskingsinstituttet legg til grunn. Pelagisk Forening har gitt uttrykk for denne bekymringa fleire gangar dei siste åra.
Medlemmar melder om at det er lite nordsjøsild tilgjengeleg, og Sildelaget opplyser det blir fiska mykje småfallen nordsjøsild, s. k. «konfirmantar». Altså sild som er over minstemålet, men som likevel ikkje er større enn 100-120 gram.
Det blir altså fiska vesentleg fleire individ enn om det hadde blitt fiska større sild. Pelagisk Forening fryktar at dette vil få stor negativ verknad for nordsjøsildefiskeriet komande år.
Pelagisk Forening ber om at direktoratet gjer ei snarleg vurdering av om det er reguleringsmessige tiltak som kan gjerast for å unngå fiske på nordsjøsild som er like over minstemålet. Vurderinga bør gjerast i nært samarbeid med fiskerinæringa.
Eit mogeleg tiltak kan vera ei kraftig auke av kvotefleksen. Dette slik at det blir mogeleg for det enkelte fartøy å overføra vesentleg større kvantum til neste år, men ikkje slik at det er mogeleg å fiskar meir av 2025-kvotane i 2024 enn kva det er i dag.
Me understrekar at Pelagisk Forening meiner at dette hastar, og deltek sjølvsagt gjerne i eit slikt samarbeid.
Me ber òg om direktoratet, og Havforskingsinstituttet, vurderer om det òg bør gjerast tiltak på lengre sikt. Dette i høve til regulering, og forsking.
Me ber om ei snarleg tilbakemelding.