Publisert: 23. mai 2024

To tobismøte - Ytterlegare stenging av felt

PF har deltatt på møte med HI og Fiskeridirektoratet. Tema var usedvanleg lite tobis, og eventuelle tiltak.Det er ikkje noko nytt at tobisfiskeriet svingar, men det synest som om HI meiner at det mellombelse kvoterådet var for høgt, og at det er naudsynt med tiltak.

Forvaltningsmodellen gjer at totalkvoten ikkje kan reduserast.

Pelagisk Forening, og Fiskebåt, arrangerte medlemsmøte. På medlemsmøtet la Espen Johnsen, HI, fram resultata frå tobistoktet.Det synest klart at situasjonen er alvorleg, og at det vil bli eit lågt kvoteår òg neste år.

Det kan vera fleire grunnar til at tobisbestanden er låg, men det syntest klart at "naturlig dødlighet", dvs. at tobis er mat for andre artar er ein vesentleg årsak. Hovudsakleg frå hysa og kvitting. 

Tidlegare i vår har PF oppmoda NFD og Fdir om å oppheva forbodet mot oppmallng av hysa, auka lovleg bifangsprosent, og vurdera å redusera minstemålet.