Tobis. NFD er oppmoda om å endra haustingsforskrifta
Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeridirektoratet
OPPMODING OM ENDRING AV HAUSTINGSFORSKRIFTA - FISKET ETTER TOBIS
Me viser til haustingsforskrifta § 42, 2. ledd. «Ved fiske etter tobis med mindre maskevidde enn 16 mm er det tillatt å ha inntil 10 % bifangst i vekt av andre arter i de enkelte fangster og ved landing.»
Me viser òg til same forskift § 47, 1. ledd nr. 7 bokstav b. som seier at det er forbode å fiska hysa mindre enn 32 cm sør for 62° N.
Me viser òg til § 53 som seier at «Det er forbudt å fiske eller lande torsk, hyse, sei og kystbrisling til oppmaling, herunder til matmel og til fiske- og dyrefôr.»
Desse reglane skaper store problem for avvikinga av fisket etter tobis. Dei siste åra har det vore stor auke i hysebestanden i Nordsjøen. Hysekvotane blir heller ikkje fiska opp. Det er såleis ikkje ein truga hysebestand som blir verna.
Tobisfiskeriet skjer i ein kort sesong, frå 15. april til 23. juni. Startdatoen er sett til ei tid der det erfaringsmessig er lite tobisyngel. Sluttdatoen er satt til ei tid der det erfaringsmessig er aukande innblanding av andre artar.
Tobis lever store deler av sitt liv nedgravd i sand i Nordsjøen. Sanden må vera av ein viss kvalitet. Tobis lever såleis berre på mindre område. Tobisfiskeriet blir regulert etter ein s. k. områdebasert forvaltning. Tobisfiskeri er såleis berre lovleg i nokre få mindre område. Kva område det er lovleg å fiska i blir delvis endra frå år til år. Denne forvaltningsmetoden har blitt til etter eit langvarig godt samarbeid mellom forsking, forvaltning og næring. Forvaltningsmetoden fungerer godt.
Myndigheitene har òg heimel for å stenga område mellombels ved innblanding av andre artar. («Rtc-stenging»). Haustingsforskrifta § 50, 1. ledd bokstav f. «For å begrense fangst av fisk under minstemål, kan Fiskeridirektoratet…Forby fiske etter tobis i visse områder, dersom innblanding av andre arter under minstemål til sammen overstiger 20 stk. pr. 100 kg i de enkelte fangster.
Området kan stenges i inntil 7 dager, hvoretter området gjenåpnes automatisk.»
Dagens lovlege bifangstprosent er så låg at tobisfelt blir stengt, og i praksis er det ikkje alltid andre felt flåten fiska tobis på. Dette kan føra til vanskar for avvikling av tobisfiskeriet. Det er ikkje marknad for bruk av bifangsten til konsum. Dette gjeld spesielt for småfallen hysa og kvitting. Det bør difor vurderast å fjerna oppmalingsforbodet i dette fiskeriet.
I praksis kan det vera vanskeleg å unngå å få hysa under minstemål. Det aukar sannsynlegheita for at fiskarar blir kriminalisert for fangst det er umogeleg å unngå. I verste fall kan tobisfiskeriet stoppa opp.
Me vil peika på at tobisfiskeriet er eit viktig fiskeri for den pelagiske trålflåten, og tobisfiskeriet skapar aktivitet på ei tid av året det er liten annan aktivitet i fiskeflåten og ved fiskemottaka.
Tobis er òg ein viktig ingrediens i laksafor.
Pelagisk Foreining meiner at det ikkje bør vera unaudsynte hindringar for god avvikling av tobisfiskeriet. Som nemnt har hysebestanden auka kraftig dei siste åra, og hysekvotane blir heller ikkje fiska.
Pelagisk Forening ber difor om at departementet vurderer endring av ovanfor nemnt reglar. Dette i samarbeid med fiskerinæringa, og Havforskingsinstituttet, og i god tid før sesongen 2025.