Publisert: 16. apr. 2024

Regulering av fisket etter hestmakrell

Før var det i praksis fritt fiske etter hestmakrell.Dei siste to åra har låge kvoteråd medført strengare regulering. I gode år har ringnotflåten fiska hestmakrell både i i fjordane, mellom grunnlinjene og 12-mila, og på havet.Dei siste åra har enkelte mindre kystbåtar spesialisert seg på hestmakrell, og har fiska hestmakrellen kystnært, og i fjordane.

For direktefiske er det ein totalkvote på 3 000 tonn, og det er satt av 2 000 tonn til bifangst i andre fiskeri.

I reguleringsforskrifta for 2024 var det først forbode for båtar over 15 meter å fiska hestmakrell. Dette forbodet blei fjerna den 5. januar 2024. Dette m.a. etter ønske frå Pelagisk Forening.

Det blei òg forbode å fiska hestmakrell utanfor 12-mila.

Pelagisk Forening er opptatt av at når kvoterådet ein gang aukar så må òg dette forbodet opphevast. Dette for at høgare kvoteråd skal vera til gode for alle fartøygrupper som tradisjonelt har fiska hestmakrell.

Pelagisk Forening meiner òg at det låge kvoterådet ikkje må medføra så strenge bifangstreglar at andre fiskeri i praksis stoppar opp.