Publisert: 22. mar. 2023
                
            			
            
            
            
                                                    
                                    	
        Budsjettkutt ved Havforskingsinstituttet – Brev til NFD
Pelagisk Forening er uroa over at HI har fått redusert budsjettet sitt med 170 mnok, og at HI heller ikkje får kompensert for auka bunkerskostnadar.
PF meiner at redusert forskingsaktivitet kan føra til meir usikre bestandsestimat.
PF har difor bedt NFD arbeida for at:
• Havforskingsinstituttet får løyvingar på normalt nivå seinare år.
• At Havforskingsinstituttet får kompensert for auka bunkersprisar.
• At Havforskingsinstituttet får ein budsjettmodell som gjer toktaktiviteten uavhengig av svingande bunkersprisar.
 
            