Publisert: 31. okt. 2022

Burde lytta til Michael Jackson

BEARBEIDINGSUTVALGET BURDE LYTTA TIL MICHAEL JACKSON

«I`m starting with the man in the mirror, I`m asking him to change his way», song Jackson.

Den songen kan neppe ha inspirert fiskeforedlingsverksemdene sine medlemmar i «Bearbeidingutvalget».

Det er eit politisk mål at Noreg skal auka graden av tilverking av norsk fisk. Dette for å skapa fleire arbeidsplassar, og større verdiar i Noreg. Dette er vel og bra, og få nordmenn er usamde i dette!

Tilverkingsutvalet, leia av Kathrine Tveiterås ved Universitetet i Tromsø, har levert ein rapport med 32 tilrådingar. Leverandørindustrien var godt representert i utvalet. Offentlege utval skal levera i samsvar med sine mandat. Tveiteråsutvalet forstod mandatet sitt slik at dei skulle «fokusere på landindustrien knyttet til villfanget sjømat, mens fangstledd, ombordproduksjon og havbrukssektoren faller utenfor

Mange år som advokat har eg lært meg å sjå etter ting som manglar. Kva fiskeforedlingsbe-driftene sjølv bør gjera står det lite om. Det er underleg når utvalet var tungt representert av landindustrien, og tillitsvalde frå Sjømat Norge. Få av tilrådingane «fokuserer på landindustrien knyttet til villfanget sjømat» Tilrådingane er skivebom i høve til mandatet. Dersom Tveiterås sine studentar hadde bomma tilsvarande på ei eksamensoppgåva hadde ho truleg stroke dei.

At utvalet går langt utanfor sitt mandat skuldast neppe tabbar, eller mistydingar, men genuine ønske om å endra vesentlege tilhøve på fiskarsida. og salssystemet. Utvalsmedlemmane frå m.a. landindustrien kan neppe ha høyrt mykje på Michael Jackson sin «Man in the mirror».

Utvalet har sjølvsagt forstått at lønsnivået, og arbeidsmiljølova, i Noreg ikkje er eit konkurransefortrinn. Utvalet foreslår difor at «Arbeidsmiljøloven bør tilpasses sesongpreget i sjømatindustrien, med målrettede unntak fra arbeidstidsordningene i høysesong.» Altså skal arbeidarane måtta jobba lengre dagar, og i lengre periodar, enn kva som er lov i dag. Utvalet veit sjølvsagt at det er allmenngjort tariffavtale i fiskeindustrien. Altså i røynda minsteløn. Ein kan spørja seg om utvalet i røynda vil ha lågtlønte arbeidarar som ikkje har råd til å takka nei når industrien kallar. Er det slik Noreg vil ha det?

Når det er eit mål å auka grad av tilverking av sjømat i Noreg, og få fleire attraktive heilårsarbeidsplassar for fastbuande i distrikta, er ikkje dette vegen å gå. Forslaget vil ikkje gjera arbeidsplassar i landindustrien meir attraktive.

Utvalet foreslår òg at «myndighetene i langt større grad enn til nå er villig til å prioritere markedsadgang for sjømat, bearbeidede sjømatprodukter og marine ingredienser i arbeidet med handelsavtaler». Vel og bra, men nytt er det ikkje.

Utvalet foreslår òg «Å inndra og refordele kvoter som ikke utnyttes over tid.» Det er eit politiske mål at alle kvotar skal fiskast, og Fiskeridirektoratet legg godt til rette for å refordela ufiska kvotar. Fiskarane ønsker òg å fiska kvotane sine. Når kvotar ikkje blir fiska er årsaka lite fisk, dårlege prisar, eller at det ikkje er nokon som vil kjøpa fangsten. Utvalet burde sjå kva landindustrien kan gjera for at det skal bli lønsamt å både fiska og foredla kvotar som ikkje blir fiska.

Utvalet forslår òg at «Nærings- og fiskeridepartementet iverksetter en gjennomgang og eva-luering av om salgslagenes praksis knyttet til lagsavgift er i overensstemmelse med fiskesalgslagsloven.» Forslaget kan oppfattast som ei antyding av at salslaga sin praksis ikkje er i samsvar med lova. Utvalet er sterkt dominert av landindustrien, og forslaget kan vera eit ledd i eit langsiktig mål om å få oppheva fiskesalslagslova.

«At salgslagenes omsetningssystemer innrettes slik at råstoff gjøres tilgjengelig for konkurranse og bearbeiding i det norske råstoffmarkedet.» At råstoff blir seld på auksjon er beste måten å gjera råstoffet tilgjengeleg for alle som vil kjøpa råstoffet. Auksjon sikrar at råstoffet blir tilgjengeleg for konkurranse, og at den kjøparen som kan få størst avkasting på råstoffet faktisk får kjøpt råstoff. Auksjonssystemet fremjar såleis konkurranse, innovasjon og utvikling.

Utvalet foreslår òg at «salgslagenes salgsvilkår for sjømat, herunder reklamasjonsregler, utformes i tråd med kjøpsloven, så langt det er mulig.» Både fiskarane og landindustrien er profesjonelle næringsdrivande, og det er avtalefridom på området. Det er liten grunn til at myndigheitene skal fastsetja salsvilkår og reklamasjonsreglar for profesjonelle aktørar.

Landindustrien kan klassa ned fangst, og prisen dei skal betala, dersom fangsten ikkje er av avtalt kvantum, storleik eller kvalitet. Dette gjer landanlegga rett som det er. Reklamasjonsreglane er utforma i tett dialog mellom salslaga og kjøparorganisasjonane. Meiner utvalet at reklamasjonsreglane er til hinder for tilverking?

Utvalet foreslår òg endring av deltakarlova, slik at ikkje-fiskarar kan eiga fiskekvotar, og nærast setja salslag under statleg administrasjon. Det er verdt å merka seg at oppdrettsnæringa alt er slik det verkar tilverkingsutvalet meiner at fiskerinæringa skal vera. Heilintegrert, og ikkje deltakarlov, eller plagsame salslag som syt for at alle som vil kan by på råstoff. Ikkje minst er haustinga lite sesongprega.

52 % av torsken bli tilverka i Noreg. Sild 65 til 70 %.For pelagisk har tilverkingsgraden auka dei siste åra. For laks og aure var tilverkingsgraden 22 %. Alle tal frå utvalet sin rapport. Det er nærliggande å tru at det ikkje er deltakarlova, fiskesalslagslova eller reklamasjonsreglane som gjer at oppdrettsfisk har vesentleg lågare tilverkingsgraden enn for torsk og sild.

Det er gledeleg at det er fiskeforedlarar som gjer det bra. T.d. hadde Brødrene Sperre AS omsetning på 2,166 milliardar, og resultat før skatt på 123 millionar i 2021. For Pelagia AS var tala 7,485 milliardar, og 381 millionar. For heile konsernet er tala ennå hyggelegare. Kjelde proff.no Dette viser at rammevilkåra ikkje er ulevelege. I staden for at landindustrien sutrar over dårlege rammevilkår bør landindustrien heller bretta opp ermene, og sjå kva dei kan gjera for å auka graden av tilverking.

Korleis skal tilverkingsgraden aukast? Det må bli meir lønsamt å tilverka fisken i Noreg, enn å eksportera fisken utilverka. Så enkelt, og så vanskeleg. Då må fiskeforedlingsverksemdene sjå kva dei sjølv kan gjera. Dvs. starta med å endra den dei ser i speglet. Det er kanskje vanskelegare?