Publisert: 13. jun. 2022

​Medhald i inndragningsak

Eit medlem leverte fisk til eit mottak. Då fangsten var landa var mottaket suspendert frå Råfisklaget, pga. manglande garantiar. Då er det heller ikkje mogeleg å skriva ut sluttsetel som tilfredsstiller krava. Mottaket skreiv ein mellombels sluttsetel, og båten blei beordra bort frå kaien. Seinare same dag fekk mottaket ordna garanti, og skreiv sluttsetel på vanleg måte.

Reiarlaget fekk ei bot. Bota blei akseptert og betalt.

Seinare fekk reiarlaget varsel om inndraging av fangstverdi på over 215 000 kr.

Pelagisk Forening representerte reiarlaget med i saka. PF sin advokat argumenterte m.a. med at det ikkje var samsvar mellom brotsverket og inndraginga, og at inndraginga var i strid med den Europeiske Menneskerettskonvensjon (EMK).

Etter meir enn eit år og ni månadar vel direktoratet å legga saka bort. Dette med grunngjeving av at saka har tatt lang tid. Dette er sjølvsagt gledeleg, og medlemmen er nøgd. Det er PF òg,

Saka er prinsipiell, og det ville vore ein føremon om direktoratet uttalte at inndraginga ville vore i strid med EMK, og at det ikkje var rettsleg høve til inndraginga.