Publisert: 10. jun. 2021

Taksonomi

Kvifor er dette viktig for fiskerinæringen?

Det er ikkje usannsynleg at framtidige långjevarar vil stilla krav om dokumentasjon på at reiarlaget dykkar er miljøvennleg, og då kan dette vera viktig.

Prisen på finansiering av nytt fartøy, og/eller kvotar vil såleis kunne blir påverka av kor «grøn» drift reiarlaget har, og kor miljøvennleg fiskeri reiarlaget driv

Taksonomi kjem frå gresk, og tyder orden. I denne samanhengen er taksonomi eit program EU har for å gjera «grøne/miljøvennlege» investeringar meir lønsame enn mindre miljøvennlege investeringar. Siktemåla er m.a. å styrka risikoanalysar, auka mengda av finansielle instrument som understøttar måla om berekraft, å unngå «grønvasking», og styrka allmenn tilgang på informasjon av høg kvalitet.

Taksonomi er:

  • Ein «toppstandard» for kva som bidreg vesentleg til å nå måla om berekraft
  • Eit verkemiddel for å bedra informasjonsgrunnlag for investorar
  • Skal gje betre grunnlag for ivesteringsval
  • Dynamisk, for å ta omsyn til teknologisk og vitskapleg utvikling
  • Eit verkemiddel for å hjelpa økonomiske aktivitetar til å bli meir berekraftig

Taksonomi er ikkje:

  • Ei bindande lista over kva aktivitetar ein har lov til å investera i
  • Ei vurdering av kor «grønt» eit selskap er
  • Ei uttømmande lista over kva aktivitetar som bidreg å nå mål om berekraft.
  • Aktivitetar som ikkje er førehandsvurdert treng ikkje vera forureinande.

Dette er (førebels?) ikkje ein del av EØS-avtalen, og såleis heller ikkje ein del av norsk lovgjeving.