Publisert: 7. mai 2021
                
            			
            
            
            
                                                    
                                    	
        PF vil fiske makrell innenfor fjordlinjene
Som kjent har norske fiskebåtar hatt soneadgang, for å fiska makrell i EU si sone. Dette inkludert i det som etter Brexit er UK si sone. Norske fiskarar har hatt slik soneadgang i ei årrekke. Dei siste tre åra har over 90 % av norsk makrellkvote blitt fiska i det som no er UK si sona.
Når det ikkje inngått nokon avtale med UK i år vil dette mest truleg føra til at norske fiskarar får store vanskar med å fiska kvotane sine. Dette fordi fiskarane, i motsetnad til tidlegare år, ikkje har høve til å fiska i UK si fiskerisona.
For å redusera risikoen for at norske fiskarar ikkje får fiska makrellkvotane sine ber Pelagisk Forening om at ringnotfartøy, kystnotfartøy og SUK-fartøy over 28 meter får fiska makrell innanfor fjordlinjene.