Myndigheitene må ha fokus dei store fiskane
Kommentar av Ask Økland i Fiskrtibladet
I myndigheitene si svartmaling av fiskerinæringa blir fiskarane sitt person- og rettsvern knapt nemnt.
Kven vil bli videoovervaka heile arbeidsdagen? Somme synest å meina at fordi fiskarane fiskar på fellesskapet sine ressursar må dei finna seg i all mogeleg overvaking. Fiskarane skal ha same personvern som alle andre. Punktum.
Pelagisk Forening meiner god regulering er viktig, og at lovar og reglar blir etterlevd. Dette for å sikra berekraftig fiskeri, og like konkurransetilhøve, men fiskarane skal ikkje ha dårlegare rettsvern enn andre.
Fiskeriministeren, og leiaren av Økokrim, si pressemelding av 13.1.21, «Lanserer nye tiltak mot fiskekrim» og NOU 2019:21, Framtidas fiskerikontroll tyder på at det står ille til i næringa. Inntrykket er svært mangelfullt regelverk, og nærast lovlause tilstandar. Ein skal ikkje vera naive, men Pelagisk Forening kjenner seg ikkje att i myndigheitene si skildring av fiskerinæringa.
Med slik svartmaling bør myndigheitene dokumentera at tilhøva er så ille som dei påstår. Slik dokumentasjon har ikkje blitt offentleggjort
Få andre næringar opplever liknande langvarig negativ stempling frå myndigheitene, eller ville akseptert slik svartmaling.
Fiskerinæringa er påverka av mange varierande naturlege faktorar, og reglar må tilpassast desse. Regelverket gjer at fiskarar kan risikera å bli lovbrytarar sjølv om dei gjer så godt dei kan for å følja lovar og reglar. Reglar bør difor endrast.
Dei aller fleste straffesakene me har høyrt om gjeld påståtte brot på rapporteringsplikter. Me høyrer ikkje om alle sakene, men hovudbiletet er at dei fleste straffesaker gjeld påstand om brot på rapporteringsplikt. Altså ikkje dumping, fiske på ulovleg område, med ulovleg reiskap eller liknande.
Pelagisk Forening meiner at myndigheitene bør konsentrera seg om å ta dei store fiskane. Fiskarane har så mange rapporteringsplikter, og blir så grundig kontrollert, at dersom tilhøva er så ille som ministeren, og Økokrim, gjev uttrykk for bør myndigheitene fokusera på landsida, og kor eventuelt ulovleg fanga fisk tek vegen, og ikkje ha overdrive fokus på mindre brot på rapporteringsplikter.
Fiskarane sine rapporteringsplikter stiller krav det er vanskeleg å unngå å bryta over tid. Dette sjølv om fiskarane gjer så godt dei kan. Rettsvernsomsyn talar for endring.
I saker om gebyr og inndraging er det ofte same sakshandsamar som varslar om sak, skriv vedtak, òg skriv innstilling til klagevedtak. Dette er uvanleg i andre forvaltningsorgan. Det bør innførast «vasstette skott» mellom ulike nivå i sakshandsaminga.
Myndigheitene skal satsa på digitalisering og dokumentasjon, og utvikling av betre teknologi. Pelagisk Forening vil åtvara mot overdriven tru på at teknologi er utan feil. Det må ikkje bli slik at fiskarar må prova sin uskuld dersom det er feil på teknologisk utstyr.
Fiskarane skal betala fiskerikontrollavgift, som skal gå til utvikling av ny kontrollteknologi. Kva andre næringar betalar kontrollavgift?
Ny teknologi som skal vera om bord på fiskebåtane må betalast av fiskarane. Utgiftene kan bli store. Som eit minimum må næringsaktørane kunne forventa at dei ikkje får pålegg om å skifta ut dyrt utstyr etter relativt kort tid.
Pelagisk Forening meiner òg at summen av rapporteringsplikter er så stor at skal nye rapporteringsplikter innførast må andre plikter fjernast.
Dersom fangstane blir veid slik at fiskar, mottak og myndigheiter har full tillit resultatet forsvinn høvet til juks ved eventuelt samarbeid mellom fiskar og mottak. Då vil mykje av grunnlaget for påstandar om juks falla bort. Løysingar for å få veiemetodar med full tillit bør difor greiast ut.
Ved innføring av feilfrie veiemetodar bør det vurderast om heimlane for gebyr, straff og inndraging, ved rapporteringsfeil, bør opphevast.
Myndigheitene skal gå gjennom reaksjonane ved lovbrot. I 2013 blei strafferamma, for brot på havressurslova, auka til seks år. Pelagisk Forening er ikkje kjent med saker der folk har vore i nærleiken av å bli dømd til seks års fengsel for brot på fiskerilovgjevinga. Det tyder på at strafferammene er høge nok.
T.d. kan det nemnast at i saka om ulovleg fiske av kongekrabbe viser medieomtale at det er reist straffesak mot over 50 personar. Lengste straff som er idømt er under to års fengsel. Dette er langt under strafferamma, og syner at det ikkje er naudsynt med auka strafferammer.
Mange av sakene, for påstått brot på fiskerilovgjeving, gjeld brot på rapporteringsreglar. Dette sjølv om det ofte er klart at mogeleg brot ikkje kunne ført til personleg vinning. Pelagisk Forening meiner at innsatsen mot eventuelle brot på regelverket må «vris», slik at det blir reagert mot faktisk ulovleg fiske. Dvs. brot på minstemålreglar, dumping, ulovleg reiskap, fiske på ulovleg område, ulovleg tidspunkt, og liknande.
Politiet bør fokusera på landsida, og faktisk ulovleg fiske. Dette fordi fiskebåtane alt er så grundig kontrollert at det truleg vil gje meir «bang for the bucks» å setja inn kontrollressursar på desse områda.
Fiskarane sitt personvern, og rettsvern, må ikkje vera dårlegare enn for andre næringsdrivande!