Dokumentasjonskrav for at utanlandske fiskarar skal koma inn i Noreg

Pga. korona er grensene stengt, og ein kjem ikkje inn i landet med mindre ein er omfatta av eit av unntaka.

Det er unntak for «sjømenn».

I møtet PF deltok på i går svara fiskeriministeren at fiskarar blir rekna som «sjømenn», og difor har kan reisa inn i Noreg.

Fiskarar som skal inn til Noreg må sjølvsagt kunne dokumentera at dei er «sjømann».

For å bli rekna som «sjømann» (gjeld òg damer som jobbar på båt) er det tre vilkår som må vera oppfylt:

  • Vedkomande må ha id-kort nevnt i utlendings- forskriften § 2-8. Dette må vera utferda av heimlandet til vedkomande. Utanlandske statsborgarar må såleis få slik id frå heimlandet. Det er krav til id-kortet. Spesielt interesserte kan sjå lengre nede.
  • Ein må kunne dokumentera arbeidsforholdet, på norsk båt, med arbeidsavtale. Be eventuelle mannskap som skal mønstra på om å ha med kopi av arbeidsavtalen.
  • Ein må òg kunne dokumentera at ein er på veg til eller frå «aktiv teneste». Dvs. at ein skal mønstra på/av. Skriv dokumentasjon til utanlandsk mannskap, og be dei ha dette med. Minimumsinnhald: Namn og org. nr. til reiarlaget, namn på fartøyet, dato og hamn for påmønstring, namn på mannskapsmedlemmet, og at han er jobbar om bord.

Dei same krava til obligatorisk testing, reiseregistrering og karantene vil framleis gjelde for dei som er unnatekne innreiserestriksjonane.

Meir at dersom karantenekrav blir brotne så vil det kvalifisera til bot og eventuell utvisning frå Noreg. I «beste fall» må vedkomande byrja karantene på nytt.

Sekretariatet har fått opplyst at det hender at mannskap bryt karantenekrav. Det kan vera ein føremon å opplysa mannskap om konsekvensane. Det er heller ikkje sjølvsagt at reiarlag betalar for ei eventuell ny karantene.

Det kan vera klokt å be mannskap skaffa seg slik id, i heimlandet, om dei ikkje alt har dette.

Utan slik dokumentasjon vil mannskap truleg bli stoppa på grensa.

Det er altså utan betydning om den utanlandske fiskaren står på blad B eller ikkje.