Publisert: 19. jan. 2021

Lodde Island

Per no er tac i IØS,GØS og Jan Mayen 21 800 tonn

Det blir tala om at Noreg har fått eit bestemt kvantum av dette.

Me har nett tala med Fdir, og dette er ikkje offisielle tal.

Myndigheitene har ikkje bestemt norsk tac enno.

Per no er har Island tre fartøy på leiting etter meir lodda. Basert på tidlegare leiting i det siste er det håp om å finna meir lodda.

Norske båtar kan ikkje fiska lodda i IØS,GØS eller ved Jan Mayen, før Fdir har fastsett ei loddeforskrift.

Det kan Fdir normalt gjera i løpet av 1-2 dagar.

Før Fdir fastset ei regulering vil dei rådføra seg med organisasjonane, slik dei plar gjera.

Ved å opna for loddefiske no er det ikkje usannsynleg at det blir naudsynt med vesentlege reguleringsendringar dersom tac aukar.

Det kan òg bli inngått kvotebytteavtalar som ikkje ville blitt inngått dersom ein var kjent med ein eventuell høgare tac.

Kvotebytteordninga, for lodda, blei innført i 2014.

Då loddefisket, i Barentshavet, blei stengt i 2016 og 2017 blei det opna for å kvotebytte av heile loddekvoten i IØS, GØS og Jan Mayen eit kvantum nordsjøsild.

Ordningen har vært praktisert slik at to fartøy med ringnottillatelse kunne inngå avtale om kvotebytte dersom ingen av fartøyene hadde foretatt annet kvotebytte samme sesong. Begge fartøyeierne måtte da gi bindende melding til Fiskeridirektoratet før det ble fisket på byttet kvote innen en gitt frist. Forskriften er fastsatt av NFD.

I reguleringsdokumenta, frå reguleringshøyringa hausten 2020, står det klart at «Fiskeridirektøren legger til grunn at ordningen med kvotebytte blir videreført

Ved ein eventuell stor tac kan dette blir endra.

På noverande tidspunkt ser Pelagisk Forening difor liten grunn til å be om kvotebytte. Dette fordi Fdir uansett legg opp til vidareføring av kvotebytteordning.