Stortingsmelding om langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser

Regjeringen vil i løpet av våren 2021 legge frem en melding for Stortinget om langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser og bad i den forbindelse om innspill.

Pelagisk Forening meiner det er positivt at regjeringa ønsker å synleggjera potensialet for langsiktige lønsame arbeidsplassar. Pelagisk Forening meiner såleis at den varsla stortings-meldinga må sjå energisektoren, fiskerisektoren og alle andre sektorar i ein heilskap.

Fiskeri må prioriterast ved eventuelle interessekonfliktar langs kysten og til havs

Pelagisk Forening meiner at dersom det er interessekonflikt må myndigheitene alltid prioritera den eksisterande langvarige, subsidefrie, lønsame, og miljøvennlege fiskerinæringa framfor andre omsyn. Dette må bli det bærande forvaltningsprisnippet.

Fiskeri må altså alltid ha første prioritet, og andre næringar må tilpassast fiskerinæringa. Dette gjeld spesielt i høve til arealbruk. I forvaltning av havressursområder må Nærings og fiskeridepartementet vere det avgjerande myndigheitsorganet.

Det er òg viktig at arbeidsplassane blir lønsame. Altså ikkje som for havvind der det er ei massiv subsidiering for å skapa ei næring. Ei næring som i tillegg er kan vera til ulempe for den lønsame fiskerinæringa.

Fiskerinæringa må involverast i prosessane

Pelagisk Forening meiner òg at ein må ta lærdom av tidlegare prosessar, som t.d. oljeleiting i Lofoten, Vesterålen, Senja, og Barentshavet, og vindkraft både på land og sjø. Det er difor viktig å ta avgjerande omsyn til eksisterande næringar som kan risikera å bli skadelidande som følje av eventuelle framtidige energiprosjekt til havs og langs kysten. Slike næringar må difor vere del av både planprosessar av moglege framtidige energiprosjekt og gjennom heile livsløpet til kvart prosjekt.

Når det gjeld utvinning av mineral på havbotnen, og vindturbinar til havs og langs kysten, så vil slik verksemd kunne føra til arealkonfliktar i høve til etablerte norske fiskeri. Det er difor viktig å ta norske fiskarar med i prosessane.

Verdiskaping i sjømatnæringa

Sjømatnæringa er ei viktig eksportnæring, ei næring som har store positive ringverknadar, og mange sysselsette i distrikta. Det er òg ei næring som produserer noko av den mest miljøvennlege maten i verda. Det er òg viktig å vera klar over at fiskarar ikkje alltid kan fiska fisken andre stadar. Dette pga. biologiske tilhøve. Det er òg viktig å vera klar over erfaring viser at fisk endrar vandringar, og at område som er lite brukt til fiske i dag kan bli viktige fiskeområde i framtida. I 2019 eksporterte Noreg sjømat for 107,3 milliardar kroner. Det blei eksportert 2,7 millionar tonn sjømat i 2019. Dette tilsvarar ei verdiauking på 8 prosent, eller 8,3 milliardar kroner frå 2018. Dette utgjer 36 millionar måltid kvar dag heile året, eller 25 000 måltid per minutt. Eksportverdien har blitt dobla på ti år, og det er stort potensiale for vidare eksportauke. Alle tal frå Sjømatrådet.

Tala omfattar ikkje innanlands forbruk, som er ein vesentleg del av norsk matsikkerheit. Tala omfattar òg oppdrettsnæringa, men det er viktig å vera klar over at oppdrettsnæringa er heilt avhengig av råstoff, til fôr, frå fisk som er fiska i område der det er aktuelt med vindturbinar.

Miljøomsyn

Vindturbinar til havs, og mineralutvinning på havbotnen vil òg kunne føra til miljøforureining. Miljøureining vil kunne vera øydeleggande for kvaliteten, omdømmet, og eksporten av norsk sjømat. Det har ikkje Noreg råd til. Pelagisk Forening vil òg peika på at Havforskingsinstituttet har uttalt at ein ikkje kjenner dei miljømessige konsekvensane av vindturbinar til havs, og at det difor må gjerast konsekvensutgreiingar først. Det same gjeld sjølvsagt òg mineralutvinning på havbotnen.

Havpanelet

Pelagisk Forening viser òg til at dei 14 landa i Høynivåpanelet for en berekraftig havøkonomi (havpanelet) har forplikta seg til å ta omsyn til alle verdiane som havområda representerer, og til ei berekraftig forvaltning av 100 prosent av sine hav og kystområda innan 2025. Utbygging av vindturbinar i fiskefelt vil kunne leia til at Noreg oppfyller sine plikter her, og kan redusera Noreg sitt omdømme internasjonalt.

Avslutning

Pelagisk Foreining legg til grunn at OED sitt ønske med stortingsmeldinga ikkje skal vera til ulempe for andre lønsame næringar og arbeidsplassar. For sikra god sameksistens ber Pelagisk Forening om at fiskerinæringa blir tatt med frå starten av, og at våre innspel både blir lytta til, og ikkje minst tatt omsyn til.