Publisert: 3. mar. 2020

Høringssvar - Framtidas fiskerikontroll

Følgende høringssvar er sendt inn ifm NOU 2019:21- framtidas fiskerikontroll

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 3. desember 2019.

Innleiing

Pelagisk Forening (PF) meiner at det er viktig med god regulering av fiskeriverksemda, og

er tilhengar av at lovar og reglar blir etterlevd. Dette både for å sikra berekraftig fiskeri, og av omsyn til like konkurransetilhøve. Såleis er kontrollar viktig.

Politikarar, og embetsverket, talar ofte om at Noreg har «verdens beste fiskeriforvaltning». Dette står i motsetnad til hovudinntrykket ein sit att med etter å ha lest NOU 2019:2. NOU-en gjev inntrykk av at det er eit svært mangelfullt regelverk, og nærast lovlause tilstandar, i fiskerinæringa. PF meiner at tilstanden i fiskerinæringa er vesentleg betre enn kva ein kan få inntrykk av når ein les NOU 2019:21, men at det sjølvsagt er ting som kan bli betre.

Fiskerinæringa er påverka av mange naturlege faktorar. Tilhøva varierer såleis både over tid, geografisk, og frå art til art. Det er difor viktig at reglane er tilpassa dei varierande naturlege tilhøva fiskerinæringa arbeider under. Det er òg viktig at regelverket ikkje blir utforma slik at næringsaktørane får dårlegare rettsvern enn aktørar i andre næringar. Reglane må altså ikkje utformast slik at det er uråd å unngå å bryta reglane over tid.

Fiskarane, og andre aktørar i sjømatnæringa, har same rett til rettsvern, personvern og gode arbeidstilhøve som andre næringsaktørar. Ein bør difor ein vera skeptisk til forslag om videoovervaking av arbeidsplassar.

I dag har fiskarane òg ei rekke rapporteringsplikter. Dersom det skal innførast nye plikter, bør det samstundes vurderast kva rapporteringsplikter som kan fjernast.

Det same gjeld dersom ny teknologi fører til at omsyn bak rapporteringsreglar ikkje lengre er til stades.

PF vil òg åtvara mot overdriven tru på at teknologi er utan feil. Det må ikkje bli slik at fiskarar må prova sin uskuld dersom det er feil på teknologisk utstyr, som t.d. «flowmeter», eller temperaturloggar.

PF stiller seg bak Norges Sildesalgslag sitt høyringssvar. Dette spesielt med tanke på at salslaga bør driva med ressurskontroll, og Sildelaget sitt syn på disponering av inndregne midlar.

I det føljande blir hovudpunkta, i NOU-en, kommentert fortløpande.

Merknadar til hovudforslaga i høyringsbrevet.

PF er negative til forslaget om at salslaga ikkje lengre skal ha ansvar for ressurskontroll. Dette fordi salslaga uansett vil måtte ha mange kontrollørar for å sikra at salslaga sine forretningsreglar blir etterlevd. Forslaget vil såleis til dels medføra dobbeltarbeid. I tillegg har salslaga sine kontrollørar ofte bakgrunn frå fiskerinæringa, har høg kompetanse, og nyt stor respekt både blant fiskarane og landindustrien. Denne delen av kontrollapparatet fungerer såleis svært godt, og det er klokt å vidareføra salslaga si kontrollverksemd.

I tillegg er det slik at det meste av inndregne midlar kjem frå pelagisk sektor, medan kvitfisksektoren har mange fleire landingar. Inndregne midlar er ei «inntektskjelde» som kan variera sterkt frå år til år. Summen vil òg vera avhengig av regelverket. T.d. er det sannsynleg at endring av regelverket slik at fangst over kvote blir trekt frå fartøyet sin kvote, i staden for gruppekvoten, vil føra til vesentleg færre inndragingssaker.

Etablering av eit offentleg-privat samarbeid

PF har ikkje innvendingar til at det blir etablert eit offentleg-privat samarbeid med mål om å realisera et automatisert dokumentasjonssystem for utveksling av relevante data mellom forvaltningsmyndigheitene og næringa. Det synest likevel uklårt korleis dette skal finansierast. Per i dag er det òg vesentleg utveksling av informasjon mellom næring og det offentlege. Dette spesielt i systemet med elektronisk fangstdagbok, og sluttsetelsystemet. Det synest betre å eventuelt utvida desse systema, framføre å bygga nye system. Det er òg eit omfattande samarbeid mellom salslaga, og direktoratet.

System for sporing

PF meiner at det er absolutt naudsynt at næringa må vera representert dersom det skal «definere krav til sporbarhet, som oppfyller forventede krav til dokumentasjon fra andre lands myndigheter og markeder.» Norske styresmakter bør vurdera, og gjerne i samarbeid med styresmaktene i andre land, å etablera ein standard for kva sporing som er tilstrekkeleg. Dette slik at slike krav ikkje blir overlat til ulike ikkje-offentlege sertifiseringsorganisasjonar.

Melding av planlagt landingstidspunkt

Utvalet føreslår å innføra krav om å melde inn planlagt landingstidspunkt. PF kan leva med kravet, men kravet synest ikkje å vera naudsynt. I dag er det påbode å senda elektroniske melding (POR-melding) før skip går til hamn, og kontrollverket har tilstrekkeleg tid til å koma til landingsstaden. Fiskebåtar har òg AIS, og kan lett sporast av kontrollverket. For svært kystnært fiskeri vil det uansett vera kort tid mellom innmelding og landing. Forslaget vil truleg ha liten verknad, og hovudsakleg føra til ekstra arbeid.

Krav om gjennomgåande automatiske vege- og målesystem ved landing

Det blir føreslått å stilla krav om gjennomgåande automatiske vege- og målesystem ved landing. Systemet skal logga alle hendingar i veiesystemet, og lagra alle måledata. PF er positive til forslaget.

PF er òg positive til at vege- og målesystema er direkte knytt til setelsystemet, og at alle data blir rapportert fortløpande til kontrollmyndigheitene.

Krav om fysisk utforming av mottak

PF er positiv til at det kan blir stilt krav om fysisk utforming av mottak. Dette under føresetnad om at det er fornuftige krav, og at krava ikkje blir endra ofte, eller utan at det er naudsynt. Dette fordi landindustrien ikkje bør påførast unaudsynte kostnadar. Det er òg uklårt kva krav som vil bli stilt.

Det kan nemnast at det er viktig med mange mottak langs kysten. Dette både av omsyn til fiskarane, og av omsyn til lokalsamfunn langs kysten. Det er difor viktig at landindustrien ikkje blir påført ikkje-naudsynte kostnadar.

Videoovervaking av mottak

PF er negative til forslaget om videoovervaking. Dette av omsyn til personvernet, og arbeidsmiljøet, for tilsette ved mottaka. Dersom det er absolutt naudsynt med videoovervaking må overvakinga ikkje vera meir omfattande enn absolutt naudsynt. PF stiller òg spørsmål ved om kontrollverket har kapasitet til å bruka videoopptaka.

Journalføring og rapportering

Når det gjeld forslaget om at «dagens journal rapporteres fortløpende til kontrollmyndighetene» er det alt ein dagleg journalføring (i fangstdagboka.) PF har vanskar med å sjå at det er naudsynt med hyppigare journalføring.

Når det gjeld forslaget om å «registrere antall individer i de fiskerier der det er praktisk mulig» vil PF gjera merksam på at dette er praktisk umogeleg for pelagiske fangstar. Det seier seg sjølv at det er uråd å opplysa talet på individ på fangstar på fleire hundre tonn.

PF meiner òg det vil bli vanskeleg, i praksis, å telja torsk under skreifisket, eller ved fiske med trål eller snurrevad.

Dersom individ blir talt seinare i produksjonen, så har ikkje PF innvendingar mot at talet på individ må opplysast på setel, etikettar og fraktbrev ved pakking og transport.

Når det gjeld krav om bruk av måleutstyr om bord, som grunnlag for elektronisk fangstrapportering, er PF positive til innføring av krav om bruk av måleutstyr, som t.d. «flowmeter», om bord. Slike krav bør eventuelt innførast gradvis, og helst berre for ny skip.

Det er òg viktig å vera klar over at teknologi ikkje er feilfri, og det er heller ikkje tilgjengeleg utstyr/teknologi for å berekna nøyaktig storleik på fangstar.

Det bør likevel ikkje vera eit mål, for kontrollverket, at estimatet på sjøen skal vera det viktigaste. Det viktigaste er at fangsten som blir landa blir registrert med rett kvantum.

God kvalitet, på fangstane, er særs viktig. Dette både av omsyn til omdømme, og pris. Difor er det viktig at fangstar blir raskt nedkjølt. Dei krevjande tilhøva på fiskebåtar, som krenging, plassmangel m.m. gjer òg at det ikkje er alt utstyr som er eigna til bruk om bord. Dette sjølv om utstyret kan fungera på land. Det må difor ikkje vedtakast krav som går ut over kvaliteten på råstoffet.

PF er negativ til innføring av krav om rapportering av temperaturlogg for tidfesting av fangstoperasjonar. Det er viktig å vera klar over at det kan skje feil med utstyr, og det bør ikkje blir slik at fiskarane hamnar i retten pga. tekniske feil med ustyr. Det er mange rapporteringskrav i dag, og krav om rapportering av temperaturlogg synest å påføra meir arbeid, og større kostnadar, enn vinsten i høve til kontrollverket sitt oversyn.

Per i dag er det mogeleg, for kontrollverket, å sjekka temperaturloggar. Dette er greitt, men PF ønsker ikkje at våre medlemmar skal bli pålagt oppbevaringsplikt eller laupande rapportering av meir enn naudsynt.

PF har heller ikkje innvendingar til innføring av krav til elektroniske fraktbrev.

Når det gjeld forslaget om krav til internkontroll både for fartøy og landsida kan det nemnast at det alt er krav til internkontroll.

Tredjepartsveging, og registrering av pelagiske fangstar

PF er positive til at tredjepart får ansvar for veging, og registrering, av pelagiske fangstar.

I Danmark har dei hatt tredjepartsveging i mange år. Det er difor ikkje unaturleg om departementet ser til erfaringane i Danmark.

I dag er det landsida som står for veging, ved landing, og det er landsida som vil spara kostnadar dersom andre overtek veginga. Dersom tredjepartsveging blir innført bør difor landsida dekka kostnadane.

Dersom tredjepartsveging blir innført forsvinn høvet til juks ved eventuelt samarbeid mellom fiskar og mottak. Ved innføring av tredjepartsveging bør det difor vurderast om heimlane for gebyr, straff og inndraging, ved rapporteringsfeil, opphevast. Dette for fiskarane på havet.

Utforming av regelverk, og dispensasjonheimlar

I NOU-en blir det rådd til at «reguleringer med hjemmel i fiskerilovgivningen utformes slik at de i seg selv bidrar til økt etterlevelse» og at «reguleringer må fastsettes slik at de enkelt kan etterleves og kontrolleres.»

Det er fiskeriregelverk som er slik at det er vanskeleg å etterleva og/eller kontrollera. Dette gjeld spesielt reglane om estimering av fangst. Det er gledeleg at det er ønskeleg å endra slike reglar.

PF er usamd i at det generelle forslaget om at «adgangen til å få dispensasjon fra ulike typer regelverk strammes inn.» Fiskerinæringa er prisgitt svært svingande naturlege tilhøve. Tilhøve som ofte gjer det naudsynt med dispensasjonar. Dispensasjonshøve gjev fleksibilitet i regelverket/ utføring av næringa. Mange dispensasjonsordningar utviklar både næring og regelverk. Disposisjonar er eit lite problem i praksis. Slike ordningar gjeve òg effektive rammevilkår for næringa, noko som er eit mål i kvotemeldinga. Dispensasjonar, på gruppenivå, er såleis positivt.

Omrekningsfaktorar, og levering av ilandført fisk

Når det gjeld forslaget om at «dagens offisielle omregningsfaktorer benyttes for å beregne kvoteavregningen» meiner PF at det ikkje er uvanleg at offisielle omrekningsfaktorar ikkje er korrekte. Dynamiske omrekningsfaktorar bør difor vurderast.

Det er òg blitt fremja forslag om «systemer som sikrer at fiskerne får levert alt som kommer i land.» PF er ikkje kjent med at manglande stad å levera/ selja fisken er noko stort problem, korkje i pelagisk sektor, eller for stor kyst.

Fiskarane pliktar å føra i land alle fisk som kjem om bord. Då må sjølvsagt fiskarane ha høve til å levera fangsten, når dei kjem til land. Samstundes bør styresmaktene vera varsame med å blanda seg inn i tilhøva mellom kjøpar og seljar. Eventuelt kan salslaga sine forretningsregler regulera tilhøvet. Det kan òg nemnast at ingen ønsker å fiska fisk som ingen vil kjøpa.

Kunnskap hjå, og organisering av kontrollverket

Utvalet føreslår at «kontrollmyndighetenes kompetanse innen informasjonsforvaltning, teknologi og digitalisering styrkes betydelig.» PF vil påpeka at det ikkje minst er viktig at kontrollmyndigheitene har kompetanse bygd på praktisk røynsle.

Det er òg fremja forslag om at det «etableres en tverrfaglig utdannelse for næringsrettet tilsyns- og kontrollarbeid som kvalifiserer til en bachelor og gir mulighet til å spesialisere seg i bekjempelse av kriminalitet i fiskerinæringen.» Dersom forslaget blir av, så bør det vera krav om røynsle frå praktisk fiskeri.

Det er òg føreslått at «ansvaret for ressurskontrollen i framtiden samles hos Fiskeridirektoratet, med Kystvakten som ansvarlig myndighet for havgående kontroll.»

PF er positiv til forslaget, og meiner at det er viktig at kontrollverket blir tilført kompetanse frå praktisk fiskeri. Det er òg viktig å unngå ytterlegare svekking av Kystvakta. Kystvakta er viktig ikkje berre for kontroll, men òg for tryggleiken til fiskarane, og alle andre som ferdast på havet.

Det er òg føreslått at «Fiskeridirektoratet omorganiseres, slik at kontroll- og tilsynsfunksjonen skilles organisatorisk fra de øvrige direktoratsfunksjonene.» PF er usamd i forslaget. Dette fordi det er viktig at kontroll, og tilsyn, ikkje blir distansert frå det fagtekniske knytt til regulering og utføring av fiskeri.

Det er føreslått at salslaga fortsett skal «gjennomføre rutinemessig administrativ inndragning ved fangst over kvote eller andre nærmere spesifiserte regelbrudd, som ikke krever skjønnsmessig vurdering av inndragningsbeløp.» PF er positiv til forslaget, men som nemnt tidlegare meiner PF at salslaga fortsett bør driva med ressurskontroll.

Når det gjeld forslaget om at «salgslagene får en særlig plikt til å varsle Fiskeridirektoratet ved mistanke om lovbrudd i forbindelse med førstehåndsomsetningen» kan det nemnast at etter fiskesalslagslova § 19 har alt salslaga plikt til å gje dei «opplysningane som Fiskeridirektoratet meiner er nødvendige for å gjennomføre kontroll etter lova her og havressurslova.» Endringsforslaget synest såleis å vera mindre naudsynt.

Teieplikt er heller ikkje i vegen for at salslag gjev opplysningar til kontrollstyresmaktene.

«Eit fiskesalslag kan utan hinder av teieplikta gje andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt opplysningar som har naturleg samanheng med oppgåvene deira etter lova her.», jf. fiskesalslagslova § 20, 1. ledd.

Etter kva PF forstår er det alt omfattande informasjonsflyt frå salslag til Fiskeridirektoratet, og at salslag melder frå om dei har mistanke om ulovlege tilhøve. Forslaget synest difor ikkje å vera særskilt naudsynt.

Organisering av klagehandsaminga, og påtaleansvar, i fiskeriforvaltninga

PF meiner at det er gode grunnar til å endra organiseringa av klagehandsaminga i fiskeriforvaltninga.

Det er viktig at det blir innført ei reell toinstanshandsaming av klager på vedtak om åtvaring, gebyr og inndragingar. I dag er det slikt at same sakshandsamar varslar om mogeleg åtvaring, inndraging og gebyr, skriv vedtak, òg skriv innstilling til klagevedtak. Dette er tvilsam rettstryggleik, og heilt utenkeleg i andre forvaltningsorgan, t.d. Skatteetaten. Det bør difor innførast «vasstette skott» mellom ulike nivå i sakshandsaming av saker som gjeld åtvaringar, gebyr og inndragingar. I dag er det uvanleg at ein får medhald i klagar.

PF støttar difor forslaget om at «organiseringa av klagebehandlinga i fiskeriforvaltninga blir utgreidd vidare.

PF er usamd i forslaget om at «salgslagene skal ikke lenger skal ha ansvaret for operativ ressurskontroll.» Dette fordi salslag til ei kvar tid best oversikt over kva fisk som blir landa, og har lang røynsle, og god kompetanse, med ressurskontroll. Det er difor naturleg at salslaga har denne oppgåva òg i framtida.

PF har ikkje innvendingar mot at det «vurderes er opprettelse av en felles operativ overvåkningssentral for fiskeriene (FMC/Kystvaktsentral) som følger løpende med på aktiviteten i verdikjeden.»

PF har heller ikkje innvendingar mot at påtaleansvaret, til statsadvokatembeta i Troms og Finnmark og i Rogaland, blir utvida slik at dei får ansvar for alle fiskerisaker.

Etteretningssenter i Økokrim, «fiskeripoliti» m.m.

Når det gjeld at utvalet «anbefaler videre at det opprettes et etterretningssenter for fiskerisaker i Økokrim» stiller PF seg undrande til forslaget. PF er ikkje kjent med at det finst slike senter for andre næringar/primærnæringar. Det er heller ikkje opplyst kvifor Økokrim skal få eit «etterretningssenter» for fiskerinæringa. Avdekte saker tyder heller ikkje på noko behov for eit slikt senter.

Når deg gjeld forslaget om «å opprette et fiskeripoliti i politidistrikt med høy fiskeriaktivitet, der minimum tre medarbeidere er dedikert til fiskerisaker» synest dette å vera unaudsynt bruk av ressursar.

Utvalet føreslår òg at «det opprettes to tverretatlige fiskekrimsentre under ledelse av politiet, med deltakelse fra Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, politiet, Tolletaten, Justervesenet, Skatteetaten og Kystvakten.» Dette synest òg å vera unaudsynt bruk av ressursar.

PF undrar på om forslaga er basert på mistanke, eller reelle ressursproblem i Politiet? Dette i høve til å følje opp fiskerisaker? PF ønsker at fiskerinæringa blir handsama likt som andre næringar.

Når det gjeld utvalet sitt forslag om at «det gis et hjemmelsgrunnlag for utveksling av data, slik at taushetsplikt ikke står i veien for å utveksle data som den enkelte etat trenger for å løse oppgavene etter aktuell sektorlovgivning» er det òg grunnlag for å spørja om fiskerinæringa står i ei særstilling, sett i høve til andre næringar.

Når det gjeld forslaget om at det «gjennomføres en fullstendig gjennomgang av fiskerilovgivningen som tar hensyn til utvalgets anbefalinger og tilrådninger» så må forslaget sjåast i samanheng med kvotemeldinga. Den relativt ferske kvotemeldinga er ein gjennomgang av fiskeriforvaltninga. Resultatet er framleis uvisst, men det er føreslått endringar som vil medføre utfordringar på kontrollsida. T.d. ved å halda oversikt over kvotebanken. PF er negative til forslaget.

Straffenivå og reaksjonsheimlar

Når det gjeld forslaget om nærare utredning av straffenivå og reaksjonsheimlar, vil PF peika på at strafferamma i havressurslova § 64 er seks år. I 2013 blei strafferamma auka til seks år. PF er ikkje kjent med saker der folk har vore i nærleiken av å bli dømd til seks års fengsel for brot på fiskerilovgjevinga.

T.d. kan det nemnast at i den mykje omtalte saka, hausten 2019, om ulovleg fiske av konge-krabbe blei ein mann dømt til eit år og fire månaders fengsel for ulovleg sal av minst sju tonn kongekrabbe verdt 3,5 millionar kroner. Rett nok var dette ein tilståingsdom, men saka syner at det ikkje er naudsynt med auka strafferammer. Det er såleis neppe behov for auka strafferammer.

Mange av sakene, for påstått brot på fiskerilovgjeving, gjeld brot på rapporteringsreglar. Dette sjølv om det er klart at mogelege brot ikkje kunne ført til personleg vinning. PF mei-nar at innsatsen mot eventuelle brot på regelverket må «vris», slik at det blir reagert mot faktisk ulovleg fiske. Dvs. brot på minstemålreglar, utkast/dumping, fiske med ulovleg rei-skap og liknande. Det bør ikkje vera mest fokus på straff for brot på rapporteringsreglar der det ikkje er mogeleg med økonomisk vinst.

I dag har fiskarane òg ei rekke rapporteringsplikter. Dersom det skal innførast nye plikter, bør det samstundes vurderast kva rapporteringsplikter som kan fjernast.

Bruk av inndregne midlar

PF er usamd i forslaget om at administrativt inndregne midlar bør kunne gå til å delfinansiere nødvendige investeringar i ny teknologi. Salslaga bør framleis kunne nytta midlar, dei dreg inn, til kontrollformål.

Utvalet føreslår òg at «Næringen må bidra til å dekke inn økte kostnader for økt satsning på ressurskontrollen gjennom en kontrollavgift.» PF er negative til forslaget. Dette fordi næringa alt betalar avgift til fiskeriforsking og overvaking, jf. forskrift om innkreving av avgift til fiskeriforsking og overvaking. Ein vesentleg del av forskingsavgifta går til kontroll. Meir effektiv bruk av eksisterande midlar vil òg frigjera midlar til viktige kontrollar.

Avslutning

Norsk fiskeriforvaltning er bygd opp stein for stein gjennom mange tiår, og mange likar å seie at Noreg har «verdas beste fiskeriforvaltning.» Forvaltninga og regelverket har vorte til, og utvikla, i skjeringspunktet mellom ynskte politiske målsetningar, næringsinteresser, og kanskje det viktigaste av alt, omsynet til livet i havet.

Auka dokumentasjon for berekraftig, og lovleg fiske, må ein være budd på at marknadane vil spørja etter i framtida, men slik dokumentasjon kan ein ikkje skaffa ved å mistenkjeleggjere ei heil næring, slik som ein kan få inntrykk av at høyringsforslaget gjer.

PF meiner at det er viktig med god ressurskontroll. Difor er det viktig å ikkje endra det som faktiske fungerer godt. Fiskesalslaga bør difor fortsetja å ha dei kontrolloppgåvene salslaga har i dag. Salslaga må òg rå over inndregne midlar slik som i dag.