Publisert: 28. nov. 2023
Hestmakrell
Kvoterådet for hestmakrell er lågt, og direktoratet har foreslått at direktefisket på 3000 t berre skal vera for kyst under 15 meter.
Det er òg foreslått at direktefisket berre skal vera lov innanfor 12-mila.
Dette er innstrammingar i høve til reguleringa for 2023, sjølv om totalkvoten er den same.
Dette er viktig ikkje berre for direktefisket i 2024, men for fordeling mellom gruppene når bestanden av hestmakrell vonaleg blir vesentleg større om nokre år.
Pelagisk Forening har protestert mot forslaga.
Les brevet vårt her: