Kvoteråd: Stabil makrell – nedgang for sild
Det internasjonale havforskingsrådet ICES har i dag lagt fram nye kvoteråd for NVG-sild, makrell, kolmule og hestmakrell for 2023, skriver HI.
Leder i Pelagisk Forening, Kristian Sandtorv er overrasket positiv over kolmula, negativt over makrellen og skuffet over NVG-sildeanbefalingen.
– Det er flott at kolmula løfter seg, selv om det ble overraskende mye denne gang, sier han.
– Nedgangen på 15 prosent for NVG-sild er mye og betyr en for stor svingning enn det burde være. Det er aldri heldig overfor markedet med så store svingninger og det er litt uklart hvorfor denne bestanden reduseres så mye som forskerne ser for seg, sier Sandtorv.
– Når det gjelder makrellen er det overraskende med en nedgang på to prosent når rapportene fra makrelltoktet viste at de hadde sett 40 prosent mer makrell på årets tokt sammenlignet med i fjor. Makrellen har vært underestimert av forskerne lenge og nå blir det en ny forvirring og usikkerhet om hva som er det reelle bildet av makrellbestandens størrelse, sier Sandtorv.
Oppgang for kolmule
Kvoterådet for kolmule går opp med heile 81 prosent i forhold til rådet forskarane gav for 2022. Forskarane tilrår at fangstane av kolmule ikkje stig over 1 359 629 tonn neste år.
Det er 23 prosent høgare enn dei forventa fangstane i år.
– Kolmule har hatt god rekruttering til bestanden dei siste åra, blant anna med ein rekordsterk 2020-årsklasse som er oppjustert frå fjorårets bestandsvurdering, seier bestandsansvarleg Åge Høines.
Nedgang for sild
Kvoterådet for norsk vårgytande sild (NVG-sild) er på 511 171 tonn; ned 15 prosent frå fjorårets råd, og 38 prosent lågare enn forventa fangstar i 2022.
– For NVG-sild ser vi ein sterk 2016-årsklasse, men årsklassene etterpå er svake, og det trengst påfyll frå nye sterke årsklassar. Sjølv ved å følgje forvaltiingsstrategien i 2023 er gytebestanden forventa kome under føre var-grensa i 2024, seier bestandsansvarleg Erling Kåre Stenevik.
Rådet for nordsjøsild blei lagt fram 30. juni.
Stabil makrell – nullråd for hestmakrell
Bestandsvurderinga av makrell viser at bestanden har relativt jamn og god rekruttering. Kvoterådet på 782 066 tonn er stabilt frå i fjor, med ein liten nedgang på 2 prosent.
Rådet inneber likevel ein reduksjon i forhold til fangstane i 2022 på nesten ein tredel.
For hestmakrell gir forskarane råd om null fangst i 2023. For 2022 rådde forskarane til eit fiske på maksimalt 71 138 tonn.
– Bestandsstorleiken for hestmakrell er justert ned frå fjorårets bestandsvurdering. Årets vurdering tilseier at gytebestanden vil vere under kritisk nivå i 2024 sjølv med nullfiske i 2023, seier forskingssjef Aril Slotte.
Manglande internasjonale kvoteavtalar
Havforskarane samarbeider gjennom ICES om å vurdera bestandsstatus og gi kvoteråd for felles bestandar i Nordaust-Atlanteren. Så er det styresmaktene som fastset fangstkvotar, vanlegvis etter internasjonale forhandlingar.
Dei siste åra har kyststatane ikkje blitt einige om kvotefordeling for NVG-sild, makrell og kolmule.
– Manglande internasjonale avtalar har gjort at fisket har vore godt over kvoterådet dei siste åra. Det er ei utfordring for desse store bestandane, seier Aril Slotte.
Les også: Dette er ICES