Publisert: 17. des. 2021

Prinsipielle verknadar av «Themis-dommen»

Fiskeribladet 24.11.21 omtalar Høgsterett sin dom i sak mellom Pelagia og staten. «Full seier til Pelagia mot staten og Norges Sildesalgslag i Høyesterett» Omtalen kan gjerne supplerast.

For det første var ikkje Sildelaget part i saka. Pelagia sin motpart var staten, ved Nærings- og fiskeridepartementet. Nokon «full seier» er det heller ikkje.

Rett nok gav ein einstemmig Høgsterett Pelagia medhald i erstatningskravet, og Pelagia blei tilkjent dekning av sakskostnadane, men Høgsterett slår fast at salslag kan innføra fiskestopp ved bestemte grunnar.

Det er interessant kva verknad dommen har utover denne enkeltsaka. Etter høgsterettsdommen er det klart at:

Salslag sine fangstforbod, og omsetningsforbod, må vera grunngjeve i omsynet til «avtaket» for å vera gyldig.

Avtak «sikter til det å avta, å ta unna, fiskeråstoffet som kommer inn til landanleggene og skal prosesseres der.» «Dvs. ved underkapasitet ved mottakene eller andre omstendigheter som gjør at de ikke er i stand til å ta unna for råstofftilgangen.»

Eit salslag kan ikkje nytta sin rett til å innføra fiskestopp som eit verktøy til å regulera fiskeprisar. Dette gjeld òg forsvar av minsteprisar.

Det er ikkje avgjerande for gyldigheita av eit vedtak om fiskestopp om vedtaket reint faktisk verkar inn på prisnivået.

Ved fiskestopp kan salslag òg stansa omsetning av fangst frå dette fiskeriet.

Eventuelle omsetningsforbod vil òg gjelda fisk fanga i andre land sine farvatn. Slike fangstar kan såleis ikkje omsetjast i Noreg.

Rettsregelen

Heimelen for fiskestoppvedtaket er fiskesalslagslova § 13 første ledd, «Når det er nødvendig av omsyn til avtaket kan fiskesalgslag fastsetje mellombels forbod mot hausting eller gjennomføre andre reguleringar. Det same gjeld dersom reguleringar er nødvendige for å kunne utnytte fangstane på ein tenleg måte.»

Problemstillinga, Høgsterett si vurdering, og konklusjon

Saka gjaldt gyldigheita av eit vedtak om inndraging av fangstoppgjer etter fiskesalslagslova § 21. Hovudspørsmålet i saka var om fiskeforbodet inndragningsvedtaket bygde på hadde lovheimel. Det sentrale var kva høve fiskesalslaga har til å vedta stans i fisket, og omsetning av fisk, når usemje om pris leier til treg omsetning. Det var klart at fiskeforbodet var innført av omsyn til prisnivået. Høgsterett gjekk grundig gjennom forarbeida til lova, og var klar på at fiskeforbod av omsyn til prisnivået ikkje er lovleg. Konklusjonen måtte då bli at inndragingsvedtaket var tufta på ei ulovleg forskrift, og såleis ikkje gyldig.

Høgsterett uttalte at det «Avgjørende er om reguleringen etter § 13 første ledd første punktum er begrunnet i et prisforsvar eller et ønske om prishøyning.»

Salslag kan berre vedta fiskestopp når det er «nødvendig av omsyn til avtaket». Høgsterett uttalte at «Det er mest naturlig å forstå «avtaket» slik at det sikter til det å avta, å ta unna, fiskeråstoffet som kommer inn til landanleggene og skal prosesseres der. Dette bekreftes av en lang rekke forarbeidsuttalelser.»

Høgsterett uttalte at formålet med et fiskestoppvedtak er «å begrense levering av fisk av hensyn til avtaket, dvs. ved underkapasitet ved mottakene eller andre omstendigheter som gjør at de ikke er i stand til å ta unna for råstofftilgangen.

Å forstå § 13 slik at man ikke samtidig kan stanse omsetningen, ville medføre at utenlandske fiskere kunne fortsette å levere uten hinder av fiskestoppvedtaket. Vedtaket ville i så fall kunne bli et slag i luften, især i situasjoner der det er underkapasitet og leveringskø ved utenlandske fiskemottak.» Høgsterett innfor-tolka nærast eit omsetningsforbod, sjølv om Sildelaget sitt vedtak ikkje inne-haldt eit forbod mot omsetning av tobis.

Høgsterett uttalte òg at «forarbeidene (har) hele tiden for øye avtaksutford-ringer relatert til produksjonskapasiteten ved landanleggene.» Passusen «nødvendig av omsyn til avtaket» må «forstås slik at den sikter til situasjoner der mengden av fiskeråstoff overstiger kapasiteten ved landanleggene, eller mottakene av andre grunner ikke er i stand til å ta unna for råstofftilgangen.»

Det går «klart frem at «prisnivået» ikke kan begrunne et fiskestoppvedtak. Jeg leser dette slik at det omfatter både et ønske om prisøkning og et ønske om å forsvare minsteprisen.»

Ein konsekvens av dommen er at salslag som vurderer å vedta fiskestopp truleg vil forvissa seg at det faktisk er manglande produksjonskapasitet ved landanlegga. Like eins blir det truleg òg eksplisitt uttalt, i eventuelle vedtak, forbod mot omsetning. For kjøparar, og utanlandske fiskarar, er konsekvensen at det no er klart at dersom eventuell fiskestopp er av omsyn til manglande kapasitet ved landanlegga vil fangsten bli lovleg inndrege. Det er òg klart at ved fiskestopp er det òg ulovleg å kjøpa utanlandske fangstar.

For partar i rettssaker er det sjølvsagt alltid kjekt å få medhald. Pelagia fekk medhald i at inndragingskravet ikkje var gyldig, og fekk dekka sakskostnadane sine. Slik sett har Pelagia grunn til å vera nøgde. Om me ser utover denne konkrete saka, og vurderer kva verknadar dommen har for andre saker, er det klart at salslag kan innføra fiskestopp når det er kapasitetsproblem på mottaksida. Fiskestopp vil fort òg vera eit omsetningsforbod, og fiskestopp vil òg omfatta utanlandske fangstar. Fiskestopp kan ikkje brukast som reiskap til å auka prisar, eller forsvara minsteprisar. Samstundes vil ikkje eventuell prisauke, som følje av fiskestopp, gjera at fiskestoppen var ulovleg.

Stortinget vedtek lover, og det skjer ofte at det er tvil om «rekkevidda» av ein lovregel. T.d. om ei handling er omfatta av eit forbod eller ikkje, slik som i denne saka. Det er vanleg, og heilt legalt, at dei nøyaktige grensene blir slått fast i rettsapparatet. No har Høgsterett slått fast at salslag sin rett til å fastsetja fiskestopp ikkje kan nyttast som eit verktøy til prisregulering. Meir dramatisk er dommen ikkje.

Ask Økland