Publisert: 27. sep. 2021

Øke bearbeidingsgraden av fisk

Pf har gitt innspill på tiltak på hvordan en kan øke bearbeidingsgraden i Norge.


Pelagisk Forening ønsker auka aktivitet langs kysten, og synest det er positivt at NFD har satt i gang dette arbeidet. Pelagisk Forening har medlemmar i gruppene ringnot, pelagisk trål og stor kyst. Altså medlemmar som fiskar både pelagisk fisk og kvitfisk.

I denne samanhengen definerer me «bearbeiding» som all behandling av fisk utover bløgging. Dvs. òg sløying og hovudkapping, men og at fisk blir brukt som råstoff til produksjon av mjøl og/eller olja.

Det er inga rask løysing. Alt heng saman med alt. Auka bearbeidingsgrad fordrar innovasjon produktutvikling, automatisering, marknadsarbeid, arbeidskraft og attraktive heilårlege arbeidsplassar. Det meste av fisken blir eksportert, og Noreg bestemmer difor ikkje alt sjølv. Gode handelsavtalar er difor viktig.

Det første bodet, for å auka bearbeidingsgraden av fisk i Noreg, er at fangstane faktisk blir landa i Noreg.

For havgåande fartøy som driv fiskeri i Nordsjøen gjer relativt korte avstandar det enkelt å landa i andre land. Det er altså ikkje sjølvsagt at fisk fiska i NØS blir landa i Noreg.

Auking av bearbeidingsgrad, i Noreg, krev ein konkurransedyktig landindustri som har kapasitet nok til å bearbeida fisken. Etter kva me forstår blir nesten all kvitfisk, og pelagisk fisk som blir fiska av ringnot og stor kyst blir landa i Noreg. Det tyder på at landindustrien er konkurransedyktig. Det er sjølvsagt Pelagisk Forening glade for.

Fisket etter kvitfisk i nord har ofte stort fokus. Det er lett å gløyma at det alle meste av pelagiske leveransar til mjøl og olja blir bearbeida i Noreg. Dette er fiskeri, og bearbeiding, som er svært viktige for oppdrettsnæringa, og som er ein forutsetnad for store ringverknadar langs heile kysten.

Bearbeidingsgraden, av fisk i Noreg, vil auka om bearbeiding er meir lønsamt enn eksport av ubearbeida fisk. Så enkelt, og så vanskeleg.

Mottak som vel å bearbeida fisk er sjølvsagt heilt avhengige av å få kjøpt råstoff. Det er difor viktig å har eit godt omsetningssystem. Her er fiskesalslagslova svært viktig. Auksjonssystemet sikrar at den som kan tena mest på fisken får råstoff. Dette sikrar at innovative kjøparar får råstoff. For å nå målet om auka bearbeiding er det viktig at fiskesalslagslova består.

Somme vil kanskje sei at vertikal integrasjon er vegen å gå? Altså at landanlegg kan eiga fiskeflåten. Pelagisk Foreining meiner at dette ikkje vil auka bearbeidingsgraden i Noreg. Dette fordi vertikal integrasjon vil kunne føra til mindre innovasjon, at det kanskje ikkje blir lønsamt med høg bearbeidingsgrad, og at den som har størst bearbeidingsgrad risikerer å ikkje få tak i råstoff.

Det er viktig at landindustrien ikkje eig fiskarflåten. Slik vertikal integrasjon vil kunne føra til redusert innovasjon ved at det blir uråd å for nye aktørar å starta med bearbeiding av fisk fordi dei ikkje får råstoff, når vertikalintegrerte aktørar har kontroll på det mest av fisken.

Pelagisk Forening har òg blitt fortalt at fiskesalslagslova har vore avgjerande for etablering av nye anlegg dei siste åra.

Lova er òg svært viktig for små mottak. Dette fordi lova sikrar at små mottak faktisk får vera med på å konkurrera om råstoff.

Pelagisk Forening sine forslag til tiltak

Det er viktig å ikkje endra det som fungerer godt i dag. Fiskesalslagslova sikrar lik konkurranse om råstoffet, og må difor ikkje endrast. Noreg må òg jobba for like konkurransevilkår rundt Nordsjøen. T. d. bør myndigheitene jobba for at Færøyane fjernar si avgift, for færøyske båtar, som landar fangst utanfor Færøyane.

Noreg bør heller ikkje innføra avgifter som gjer det lønsamt å gå til naboland, jf. Co2-avgift som gjer at båtar går frå Sørlandet til Danmark for å kjøpa diesel, og landar fisken i same slengen. Slike avgifter kan gjera at norske mottak får for lite råstoff, og må legga ned. Det aukar ikkje bearbeidingsgraden i Noreg.

Noreg må òg få betre tilgang til marknadane. Dette óg for bearbeida fisk. Dvs. at Noreg må arbeida for at andre land opphevar sine høge tollsatsar på bearbeida fisk. Om naudsynt må Noreg koma andre land i møte for å oppnå tollfri adgang til marknadane i andre land.

Noreg bør òg gjera marknadsundersøkingar, for å kunne utvikla kvalitetsprodukt som marknadane er viljuge til å betala høge prisar for. Noreg bør òg legga til rette for forsking og utvikling, og oppretthalda og styrka tilgangen til risikokapital, t.d. gjennom Innovasjon Norge. Like eins er det viktig å skapa attraktive heilårsarbeidsplassar i fiskeforedlingsverksemdene.

For at norsk sjømatindustri skal bli konkurranseleiande på produksjon av bærekraftige sjømatprodukt er eit viktig tiltak å unngå vertikal integrasjon. I tillegg må Noreg produsera kvalitetsprodukt til dei best betalte marknadane.

Det er òg naudsynt med stabile rammevilkår. òg  når det gjeld regelverk, offentlege pålegg, skattar og avgifter.