Innspel til Fagleg forum for norske havområde

Faglig forum for helhetlig og økosystembasert forvaltning av norske havområder utarbeider det samlede faglige grunnlaget for havforvaltningsplanene. Pf har sendt innspill til arbiedet deres i etterkant av innspillsmøtet vi deltok på 14.12.

"Pelagisk Forening viser til innspelsmøte den 14.12.20, og sender skriftleg innspel som ønska.

Pelagisk Forening er ein fagleg interesseorganisasjon for fiskebåtreiarar. Medlemmane er fiskebåtreiarlag som driv store havgåande fartøy, og store kystfartøy. De kan lesa meir om Pelagisk Forening på www.pelagisk.net.

Det er opplyst at «Målet med arbeidet er å lage oppdatert faggrunnlag som brukes som basis for en ny stortingsmelding om havforvaltningsplaner i 2024

Pelagisk Forening meiner det er positivt at myndigheitene har fokus på heilskapleg forvaltning av norske havområde.

Hovudproblemstillingar

Pelagisk Forening meiner det viktigaste er å ha fokus på å unngå forureining av havområda, unngå arealkonfliktar, og ikkje gjera miljøvennleg subsidefri matproduksjon vanskelegare.

Fiskeri må prioriterast ved eventuelle interessekonfliktar langs kysten og til havs

Pelagisk Forening meiner at dersom det er interessekonflikt må myndigheitene alltid prioritera fiskeri.

Dette fordi fiskarane alt har tatt areala i bruk, og har brukt dei i mange mange år. Fiskerinæringa er ei etablert, langvarig, subsidefrie, lønsame, og miljøvennlege fiskerinæringa framfor andre omsyn. Fiskerinæringa er etablert, og kan ikkje flytta til andre stadar.

At fiskeri må prioriterast ved eventuelle interessekonfliktar langs kysten og til havs må bli det bærande forvaltningsprisnippet.

Fiskeri må altså alltid ha første prioritet, og andre næringar må tilpassast fiskerinæringa. Dette gjeld spesielt i høve til arealbruk. I forvaltning av havressursområde må Nærings og fiskeridepartementet vere det avgjerande myndigheitsorganet.

Når nye marine næringar skal vera eit tema er det truleg mange som tenkjer på vindturbinar til havs, mineralutvinning på havbotnen, og oppdrettsanlegg til havs. Det er òg viktig å vera klar over at det òg kan bli utvikla nye fiskeri.

Fiske etter konge- og snøkrabbe er døme på nyare fiskeri. For eit par tiår sidan var det få, om nokon, som såg for seg for kor viktige desse fiskeria skulle bli.

Dei siste åra har det blitt drive forsøksfiske etter mesopelagiske artar. Dette er fiskeriet skjer i område som er lite brukt til fiskeri i dag, men som kan bli område for store fiskeri i framtida. Dette talar for ein føre-var strategi i høve til tiltak som gjer det uråd å fiska på bestemte areal.

Nye næringar, som t.d. vindturbinar til havs, og akvakultur, må altså ikkje etablerast dersom det er fare for at dei kan skapa vanskar for andre næringar.

Per i dag er vindturbinparkane planlagt plassert på relativt grunne område. Dvs. på fiskebankar, som er områda der det er best fiskeri. Med slik planlagt plassering er det uråd å unngå arealkonflikt mellom havvind og fiskeri. Det er viktig å vera klar over at biologien i havet gjer at det ofte ikkje er mogeleg å fiska fisken andre stadar.

Det er petroleumsverksemd på same område. Sjå kartet under, som viser petroleumsverksemd, planlagde parkar med vindturbinar, og fiskeriaktivitet. Kartet viser at det er trongt om plassen.

Som ein ser så er all aktivitet samla der det er grunt, og lite der det t.d. er 3000 meter djupt.

Det vil truleg vera praktisk umogeleg å fiska mellom vindturbinar. Tryggleiksomsyn gjer òg at det heller ikkje vil vera lovleg, med dei tryggleiksssonene som vil bli oppretta rundt vindturbinane. Erfaring viser òg at tryggleikssonene rundt oljeplattformene i Nordsjøen har blitt utvida. Det er altså fare for at tiltak krev meir areal enn kva som blei lagt til grunn når tiltaket blei bygd.

For å unngå arealkonfliktar må ein sjå på fangstatistikk og sporingsdata, for å sjå kor det er lite fiskeri. Samstundes må ein vera klar over at fisk ofte endrar vandringsmønster. Om få år kan det difor vera fiskeri i område der det ikkje er fiskeri i dag.

Ein veit for lite om verknadane av nye tiltak, som t.d. havvind og mineralutvinning på havbotnen. No er òg akvakulturanlegg til havs rett rundt hjørna. Det er ingen ting som tyder på at dei offentleggjorde planane er uttømande. Utvalet må difor òg ta med at det truleg vil vera ønske om utvidingar i framtida. Utvalet bør difor vurdera om det bør setjast ei øvre grensa for kor stort areal ei næring skal få bruka.

Fiskerinæringa må involverast i prosessane

Pelagisk Forening meiner òg at ein må ta lærdom av tidlegare prosessar, som t.d. oljeleiting i Lofoten, Vesterålen, Senja, og Barentshavet, og vindkraft både på land og sjø. Det er difor viktig å ta avgjerande omsyn til eksisterande næringar som kan risikera å bli skadelidande som følje av eventuelle framtidige energiprosjekt til havs og langs kysten. Slike næringar må difor vera ein del av både planprosessar av moglege framtidige energiprosjekt og gjennom heile livsløpet til kvart prosjekt.

Når det gjeld utvinning av mineral på havbotnen, vindturbinar til havs, og langs kysten, så vil slik verksemd kunne føra til arealkonfliktar i høve til etablerte norske fiskeri. Det er difor viktig å ta norske fiskarar med i prosessane.

Verdiskaping i sjømatnæringa

Sjømatnæringa er ei viktig eksportnæring, ei næring som har store positive ringverknadar, og mange sysselsette. Det er òg ei næring som produserer noko av den mest miljøvennlege maten i verda. Det er òg viktig å vera klar over at fiskarar ikkje alltid kan fiska fisken andre stadar. Dette pga. biologiske tilhøve. Det er òg viktig å vera klar over erfaring viser at fisk endrar vandringar, og at område som er lite brukt til fiske i dag kan bli viktige fiskeområde i framtida.

I 2020 eksporterte Noreg sjømat for 105,7 milliardar kroner. Det blei eksportert 2,7 millionar tonn sjømat i 2020.

Dette utgjer 37 millionar måltid kvar dag heile året, eller 25 000 måltid per minutt. Eksportverdien har blitt dobla på ti år, og det er stort potensiale for vidare eksportauke. Alle tal frå Sjømatrådet. https://seafood.no/aktuelt/nyheter/stabil-sjomateksport-til-tross-for-koronapandemien/

Tala omfattar ikkje innanlands forbruk, som er ein vesentleg del av norsk matsikkerheit. Tala omfattar òg oppdrettsnæringa, men det er viktig å vera klar over at oppdrettsnæringa er heilt avhengig av råstoff, til fôr, frå fisk som er fiska i område der det er aktuelt med vindturbinar.

Ringverknadane er òg svært store.

Nofima si analyse tilseier at det, i 2019, blei generert netto verdiskaping for 22,7 milliardar kroner frå fiskerinæringa. 16,6 milliardar blei skapt direkte i fiskeria, medan 6,1 milliardar kjem frå ringverknadar i leverandørindustrien.

https://nofima.no/nyhet/2020/12/norske-fiskerier-gir-verdiskaping-pa-227-milliarder/

[MF1]

Miljøomsyn

Vindturbinar til havs, og mineralutvinning på havbotnen, vil òg kunne føra til miljøforureining. Miljøureining vil kunne vera øydeleggande for kvaliteten, omdømmet, og eksporten av norsk sjømat. Det har ikkje Noreg råd til. Pelagisk Forening vil òg peika på at Havforskingsinstituttet har uttalt at ein ikkje kjenner dei miljømessige konsekvensane av vindturbinar til havs. Det må difor gjerast konsekvensutgreiingar før eventuell utbygging. Det same gjeld sjølvsagt òg mineralutvinning på havbotnen.

Link til uttale frå Havforskingsinstituttet: https://www.hi.no/hi/temasider/hav-og-kyst/havvind

Første steg må difor vera å avklara kva konsekvensar havvindanlegg vil ha på den marine biologien. Deretter kan ein eventuelt vurdera plassering av havvindanlegg.

Det er stor uvisse på kor stor knytt til kor stor innverknad havvindanlegga vil ha på fisk, og anna liv i havet. Det er forska lite på dette, og Havforskingsinstituttet har peikt på ein rekke område der havvind kan skada livet i havet.

Utbygging kan skada livet på havbotnen. Sprenging under utbygging skremmer fisk, og vil kunne skada artar som ikkje kan flykta, eller som er avhengige av bestemte type botn, som t.d. tobis. Truleg kan òg støyen frå vindturbinar uroar fisk og gyting. Det er blitt hevda at installasjonane kan fungera som kunstige rev, og auka biologiske mangfald, men dei kan òg trekka til seg framande artar, og fortrenga artane som var på staden frå før.

Når vindturbinar drep fugl på land drep dei òg fugl til havs.

Havpanelet

Pelagisk Forening viser òg til at dei 14 landa i Høynivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (havpanelet) har forplikta seg til å ta omsyn til alle verdiane som havområda representerer, og til ei berekraftig forvaltning av 100 prosent av sine hav og kystområda innan 2025. Utbygging av vindturbinar i fiskefelt vil kunne leia til at Noreg ikkje oppfyller sine plikter her, og kan redusera Noreg sitt omdømme internasjonalt.

I sin hovudrapport tilrår[MF2] Havpanelet, i ein av sine fem hovudanbefalingar, å ta omsyn til alle dei verdiane havområda representerer. Dette inkluderer sjølvsagt fiskeri. Link: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/havpanelet-peker-ut-ny-kurs-for-verdens-hav/id2788423/

Avslutning

Pelagisk Foreining meiner at forvaltningsplanane må ta omsyn til eksisterande næringar, og at fiskeri såleis bør ha forrang.

Vidare må konsekvensen av etablering av eventuelle nye næringar på nye område konsekvensutgreiast før det blir gjeve løyve til etablering. Konsekvensutgreiingar må ha fokus både på miljøverknadar, og på verknadar for andre næringar.

Vidare må det ei grundig arealplanlegging til før det blir gjeve løyve til etablering av næringar som kan tenkast å vera til ulempe for fiskeri.

For sikra god sameksistens ønsker Pelagisk Forening om at fiskerinæringa blir tatt med frå starten av, og at våre innspel både blir lytta til, og ikkje minst tatt omsyn til."


i