Korona- Dokumentasjon ved reise til eller frå fiskebåtar
Når mannskap mønstrar av fiskebåtar vil dei som oftast ha vore meir enn 14 dagar om bord.
I slike høve er det ikkje karanteneplikt etter forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv
Utgangspunktet er såleis at mannskapet kan reisa fritt, i Noreg, for å koma seg heim.
For reiser i andre land gjeld desse landa sine reglar.
Det er kommunar som har innført lokale reiserrestriksjonar. Det kan såleis oppstå tilhøve der det er naudsynt å reisa gjennom slike kommunar.
I utgangspunktet meiner eg at nasjonale reglar går føre lokale, og at arbeidsreiser difor bør kunne skje.
Pelagisk Forening har retta spørsmål til myndigheitene om korleis slike situasjonar skal handterast.
Dette både for folk busett i Noreg og utlandet, og for folk som både er «strengt nødvendige» og folk som ikkje kan reknast som «strengt nødvendige».
Sjå òg Sjøfartsdirektoratet sine retningslinjer.
Dersom mannskapet ikkje har vore 14 dagar om bord, og det ikkje er mistanke om smitte, skriv direktoratet at «Agenter/rederier skal i andre tilfeller, i påvente av utreise, sørge for å etablere lokale karantenelokasjoner for mannskap uten bopel i Norge. Når transport er bekreftet og det er tid for utreise, gjennomfører rederiet etablerte rutiner for å få aktuelt mannskap ut av landet.»
Etter mi meining er dette ei sterk oppmoding, men ikkje ei juridisk plikt. Dersom slike situasjonar skulle oppstå blir det difor tilrådd at reiarlag gjer det dei kan for å syta for karantene, og deretter følja myndigheitene sine råd om utreise.
Situasjonen endrar seg svært raskt, og det er vanskeleg å sjå korleis situasjonen er dagar eller veker fram i tid.
Det er på det reine at mange flyselskap har stengt ned mykje av verksemda si. Det kan såleis tenkjast at det oppstå situasjonar der det faktisk ikkje går fly, slik at smittefritt mannskap ikkje har transportmiddel til å koma seg heim. Det vil kunne skapa problem for mannskap frå t.d. Island og Færøyane.
Sekretariatet har fått spørsmål om reiarlaga sitt ansvar i slike høve.
Løysinga ligg i arbeidsavtalen, og det avtalen eventuelt seier om dekning av heimreisa, og løn under reiser til og frå båten.
Dersom det er klart at mannskapet har krav på løn i slike situasjonar bør permittering vurderast.
For fiskarar som får lott oppstår spørsmålet om dei har rett på lott for dagar der dei ikkje kjem seg heim pga. mangel på transportmiddel. Arbeidsavtalen er òg utgangspunktet for løysing av dette spørsmålet.
Pelagisk Forening bidreg dersom medlemsreiarlag ønsker at sekretariatet vurderer arbeidsavtalar.
Vanlegvis er reise mellom bustad og påmønstringshamn rekna som arbeidsreiser. Dersom mangel på transportmiddel fører til hotellkostnadar, dyrare reiser og liknande er dette som utgangspunkt utgifter som reiarlaget er ansvarleg for.
Anna kan følja av arbeidsavtale, men er neppe vanleg.
Norske styresmakter har uttalt at det vil vera vanskeleg å bidra til å få nordmenn, i utlandet, heim etter slutten av mars.
Situasjonen kan vera den same for utanlandske styresmakter. Eg rår difor til at reiarlag, som har utanlandsk mannskap om bord, ber mannskapet kontakta styresmaktene i heimlandet. Dette for å få informasjon. Om naudsynt bør reiarlag vera forståelege om mannskap ønsker å mønstra av før planlagt, når årsaka er at det er sannsynleg at heimreisa kan bli umogeleg, eller svært tidkrevjande og kostbart.
Her er Sjøfartsdirektoratet sine råd om dokumentasjon ved reise til/frå fiskebåtar.
«I tillegg til nødvendig dokumentasjon på sjøfolkenes og fiskernes kvalifikasjoner, opplæring, helse mv., er det tilstrekkelig at følgende dokumentasjon foreligger ved mannskapsbytte:
Kopi av arbeidstakers arbeidsavtale. På fartøyet skal kopi av arbeidsavtale være tilgjengelig, og av tariffavtale som utgjør en del av arbeidsavtalen. Det samme gjelder kopi av kontrakt for andre som har sitt arbeid om bord.
De som har sitt arbeid om bord, skal være utstyrt med et identifikasjonsbevis. For norske statsborgere kan dette være sjøfartsbok eller pass.»
Hvis ikke sjøfartsbok foreligger, vil det i tillegg til pass være tilstrekkelig med kopi av arbeidsavtale for å dokumentere arbeid på norsk fartøy.»
Se her.
Skriv her de kan fylla ut, og senda med mannskap som skal mønstra av eller på.