Publisert: 16. mar. 2020

Spørsmål om koronavirus i høve til fiskerinæringa.

PF har fått mange spørsmål om koronavirus, mottiltak m.m. i høve til fiskerinæringa.

Denne teksten er i stor grad tufta på spørsmål me har fått.

Situasjonen endrar seg raskt, og me rår til å følja med å info frå myndigheitene. Dette spesielt frå Folkehelseinstituttet.

PF rår òg til å følja helsemyndigheitene sine råd om hygiene, og råd for å unngå smitte.

Det blir anbefalt å ta dette opp med mannskapet.

For tida har Fdir ikkje fysiske kontrollar, og dei fleste tilsette har heimekontor. Fdir aksepterer at sluttsetlar ikkje blir fysisk signert. Info frå Fdir her.

Som kjent har myndigheitene innført ei rekke tiltak for å redusera faren for smitte. Målet er at mest mogeleg av næringslivet skal gå som normalt.

I går, 15. mars, kom det ny forskrift om karantene, isolasjon m.m.

Se og selve forskrifta. Ver merksam på at forskrifta er laga i ei hast, og såleis neppe er så «presis» som lover og forskrifter vanlegvis er. Ein bør difor vera varsam med å «fintolka» forskrifta, og legga seg heilt på grensa av kva ein meiner er ulovleg.

Det har kome fram i media at hamner er stengte.

Fiskeri er matproduksjon, og hamner er ikkje stengt for fiskefartøy. Fisk skal såleis kunne leverast som normalt. Dette gjeld òg anna godstrafikk, som t.d. utstyr til fiskebåtar. PF har vore i kontakt med mottak, og alt går som før der.

Det er viktig å unngå kontakt mellom folk på mottak og mannskap. Det er òg mottak som legg opp til sjølvlossing. Det kan ikkje utelukkast at mottak blir stengte av andre årsaker, som t.d. at tilsette er i karantene eller sjuke.

Slike problem må ein handtera etter kvart som dei oppstår.

Det kan ikkje utlukkast at mottak kan bli stengt i tida frå seld fangst til levering, om det er lengre tid mellom sal og levering. T.d. for kolmulefisket. Det er dialog mellom Sildelaget og Sjømat Norge, der ulike tiltak blir vurdert ved ulike scenario. Dersom det blir redusert kapasitet på mottakssida kan «køordningar», ventetid mellom kvar tur, etc. bli vurdert.

Per i dag er me ikkje kjent med at slikt er gjeldande, men situasjonen kan endra seg raskt.

Ei anna problemstilling er at utanlandsk arbeidskraft om bord.

Innreiseforbod vil kunne hindra at nye folk kjem om bord. Arbeidsgjevar sin styringsrett gjev reiarlaget høve til å beordra folk til å stå om bord.

Me har fått spørsmål om utanlandsk mannskap kan ha karantene om bord, dersom mannskapet har einelugar, ikkje et saman med resten av mannskapet, og ikkje er nærare anna mannskap enn to meter i 15 minutt.

I følje retningslinjer på lovdata kan ein ikkje, når ein er i karantene:

  • gå på jobb eller skule
  • dra på lengre reiser innanlands
  • reise utanlands
  • ta offentleg transport
  • oppsøke stadar kor mange oppheld seg
  • ha nær kontakt med andre enn dei ein bur med

Når ein er i karantene kan ein såleis ikkje vera ein del av eit mannskap om bord.

Sekretariatet vil såleis rå i frå at folk i karantene kjem om bord, dersom det er anna mannskap om bord dei 14 dagane karantena varar.

Det er òg forsking som viser at koronavirus kan overleva i inntil tre døgn på overflater.

Me har òg fått spørsmål om kva som skjer dersom nokon blir smitta om bord?

Då må helsemyndigheitene kontaktast, og deira påbod må etterkomast. Smittevernlova pålegg dette, og det er straffbart å ikkje melda frå og/eller ikkje etterkoma påbod. Smittevernlova § 8-1. «Med unntak av overtredelse av plikter etter § 5-1 eller plikter som omfattes av helsepersonellovgivningen, straffes forsettlig eller uaktsom overtredelse av loven her eller vedtak gitt med hjemmel i loven med bot eller fengsel inntil 2 år. Dersom overtredelsen har tap av menneskeliv eller betydelig skade på kropp eller helse som følge, er straffen bot eller fengsel inntil 4 år.»

Me reknar med at nedvask/desinfisering av båten, og mannskap i karantenen er minimumstiltak. Som nemnt må helsemyndigheitene varslast.

Me har fått spørsmål om mannskapsskifte, og permitering.

Dersom påmønstrande mannskap er sjuke, eller i karantene, så har dei krav på sjukemelding. Kontakt garantikassen «på vanleg måte».

Dersom det er reiarlaget som nektar dei å koma om bord, for å unngå smittefare, så er dette arbeidsgjevar sitt økonomiske ansvar. De må pliktar reiarlaget betala hyra/lott. Arbeidstakarar har ei ulovfesta lojalitetsplikt til arbeidsgjevar. Koronaviruset har ført til ein heilt ekstraordinær situasjon.

Mi førebelse vurdering er at reiarlag kan pålegga mannskap endringar i turnus, for å halda fiskeriet i gang.

Me rår til at mannskap i så fall byttar skift/tur, og jobbar tilsvarande tal dagar seinare. Dette er sjølvsagt ei best med forståing hjå mannskapet, men vurder pålegg om naudsynt.

Tilsvarande pliktar reiarlaga å syta for forsvarlege HMS-tilhøve på arbeidsplassen. Å la mannskap bu tett på kollega i karantene kan vera brot på plikta til forsvarleg HMS.

Enkelte kommunar har lokale «innreiseforbod», for folk frå andre stadar i landet. Dette gjeld t.d. Tromsø. Dette kan gjera mannskapsbytte vanskeleg. Etter kva me forstår er det lov å reisa direkte frå flyplass til båten, dersom ein nyttar eigen transport.

Dersom mannskapet går i land før det har gått 14 dagar må dei vera i karantene i 14 dagar. PF rår til å undersøka konkret for stadar de tenkjer å skifta mannskap, og sekretariatet svarar på spørsmål så godt som mogeleg. Situasjonen kan òg endra seg raskt.

Døme. Kopi frå vedtak fatta av Tromsø kommune:

«Reisende som ankommer Tromsø Lufthavn fra områdene nevnt i vedtakets punkt 3 (,per 15.03.20 følgende områder: Fylkene Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold, Telemark, Innlandet og Vestland) og som ikke har symptomer, kan reise til planlagt oppholdssted. Offentlig transport kan ikke benyttes. Reisende med symptomer skal umiddelbart i isolering, og kan ikke bruke offentlig transport.

Reisende som har transittopphold på Tromsø lufthavn kan reise videre med fly så lenge man ikke forlater flyplassen i transittperioden.»

NFD vurderer òg kritisk personell innan fiskeri til å vera ein del av «den samfunnskritiske funksjonen forsyningssikkerhet». Dette kan ha betydning for barns prioritet i barnehage og liknande.

Sekretariatet tenkjer òg å retta ei henvending til NFD, og spela inn foreininga sine synpunkt på tiltak som er viktig for fiskerinæringa, og ikkje minst få svar på spørsmål.

Innspel, og synspunkt, er velkomne.

Til sist vil PF gje uttrykk for håp om at alle medlemmane går klar av koronasmitte.

Spørsmål er velkomne, som alltid.