Høyring, endring av lasteromsvolum for kystefartøy
Følgende høyringssvar er sendt inn ifm høyring endring av lasteromsvolum som størrelsesbegrensning for kystfartøy.
"I brev av 21.2.17, til NFD, gav Pelagisk Forening uttrykk for at me meiner at det er naudsynt med ei endring av reglane/praksis for kva rom/tankar som skal reknast med i grensa på 500 kbm. (Grensa for storleik på lasteromvolum for kystfartøy.)I brevet stod et at «Omsynet til forenkling, og forbetring, av regelverk talar for endring. Det enklaste, og beste, er om det blir presisert at berre rom som er egna til oppbevaring av fisk skal reknast med i lasteromsvolumet. Det bør òg presiserast at andre rom som t.d. ballasttankar, reiskapsrom, tankar, septiktankar m. fl.bør såleis ikkje reknast med. Dette vil gjera utskifting av fiskebåtar meir forutsigbart, og såleis gjera det enklare for fiskarane å driva verksemda.»
Pelagisk Forening meiner det er naudsynt med ei presisering, og støttar forslag B. Ei presisering vil gjera regelverket enklare, og sikra at like saker blir handsama likt.Pelagisk Forening støttar òg forslaget om ny § 2 bokstav d, men meiner at omsynet til klare reglar, lik handsaming m.m. talar for at det blir presisert kva rom som ikkje skal reknast med i lasteromsvolumet. Det bør såleis presiserast at rom som er naudsynte av omsyn til forureiningsmyndigheitene, ballasttankar og rom for reiskap ikkje skal reknast med i lasteromsvolumet."