Ny forskrift om løfteutstyr på skip
Pelagisk Forening viser til Sjøfartsdirektoratet sitt forlag til verkeområde. Dvs. § 1 (2) bokstav d. «Forskriften gjelder likevel ikke for … vinsj med galge eller davit som kun benyttes til fiske med snurpenot, trål eller snurrevad.
Pelagisk Forening trur at det er utilsikta at ikkje unntaket omfattar alle typar fiskereiskap. Pelagisk Forening meiner at unntaket bør omfatta alle tekniske innretningar som berre blir brukt til å setja, løfta eller hala inn fiskereiskap, og utstyr som berre blir brukt til å få bruk og/eller fangst om bord.
Altså at unntaket gjeld uavhengig av kva type fiskereiskap som blir brukt. Det kan nemnast at det ikkje synest å vera nokon grunn til at unntaket ikkje òg skal omfatta t.d. teinehalarar. Det kan òg nemnast at krafta i teinehalarar er vesentleg lågare enn i vinsjar som blir brukt i fiske med snurpenót, trål eller snurrevad.
Pelagisk Forening meiner òg at dekkskranar ikkje bør vera omfatta av G20-krava.
Pelagisk Forening har ikkje merknadar utover dette.