Publisert: 16. jun. 2025

Nordsjøsild. Stenging av felt ved stor innblanding av fisk under minstemål.

Etter initiativ frå Kystvakta ønska direktoratet å skaffa seg heimel til å stenga felt, i Nordsjøen, for fiske etter nordsjøsild med småmaska trål. Det opprinnelege forslaget ville gitt direktoratet svært vide fullmakter på uklårt grunnlag. Stengte felt ville heller ikkje blitt opna automatisk etter ei viss tid. PF meinte m.a. at vikåra for stenging burde vera klarare, og at stengte felt burde opnast automatisk etter ei viss tid.

Direktoratet har endra forslaget til berre å gjelda stenging av felt ved fare for stor innblanding av fisk under minstemål. Pelagisk Forening er eininge i at det er viktig å unngå fiske av fisk under minstemål. PF har difor støtta innføring av stengingsheimel ved fisk under minstemål, og der eventuelt stengte felt blir opna automatisk etter sju dagar.