Publisert: 10. jun. 2024

Høyringsvar. Groe på skip

PELAGISK FORENING SITT HØYRINGSSVAR

NY FORSKRIFT OM HANDTERING AV GROE PÅ SKIP

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 11. mars 2024.

Innleiing – Er dette ei reell høyring?

I kap. II skriv direktoratet at «Forskriften er planlagt fastsatt 1. juli 2024, men det er ønskelig med en utsatt ikrafttredelse til 1. juli 2025.»

Pelagisk Foreining stiller spørsmål ved om høyringsinstansane har nokon reell påverknad i ei høyring som er planlagt fastsett 25 dagar etter utløpet av høyringsfristen.

Når forskrifta ikkje er tenkt å gjelda før 1. juli 2025 er det underleg at direktoratet ikkje tek seg lengre tid til å vurdera høyringssvara.

Me nemner dette fordi ved Sjøfartsdirektoratet sine høyringar er det er eit gjentakande problem, gjennom fleire år, at «forslaga» i røynda truleg er bestemt før saker blir sendt på høyring.

Generelt

Generelt synest høyringsforslaget å vera eit «skrivebordsforslag» som vil ha få positive verknadar for miljøet. Derimot vil forslaga påføra skipsbaserte næringar ikkje-naudsynt byråkrati og ikkje-naudsynte kostnadar.

Merknadar til kap. 4. Er naturleg groe forureining i lova si forstand?

I kap. 4. skriv direktoratet at «Det er direktoratets vurdering at begroing i seg selv og rester fra fjerning og vasking av begroing på skrog vil omfattes av begrepet «forurensning av det ytre miljø» etter skipssikkerhetsloven §§ 31–33.»

Pelagisk Foreining er usamd, og meiner at det er for strengt å vurdera «begroing i seg sjølv», altså naturleg groe som forureining.

Direktoratet viser òg til skipssikkerheitslova § 31 første ledd er forureining «av det ytre miljø ved utslipp eller dumping fra skipet [...] eller på annen måte i forbindelse med driften av skipet […] forbudt, med mindre annet følger av lov eller forskrift fastsatt med hjemmel i lov». Direktoratet viser òg til forarbeida «forbudet gjelder forurensning ved utslipp, dumping eller på annen måte.» Direktoratet skriv at ordlyden «eller på annen måte» innebærer at tilnærmet enhver form for forurensning i «forbindelse med driften av skipet» omfattes dersom den er til skade eller ulempe.

Me er uvisse på om direktoratet meiner at naturleg groe på skip skal reknast som forureining i seg sjølv. Dersom direktoratet meiner dette er me usamde i direktoratet si tolking.

Det bør presiserast at naturleg groe, på skip, ikkje medfører brot på skipssikkerheitslova og/eller forskrifter gitt i medhald av lova.

Me gjer merksam på at skipssikkerheitslova heimlar straff for brot på lov sine krav til miljømessig sikkerheit, jf. §§ 64, 65 og 66, jf. kap. 5.

Prinsipielt bør lovgjevar vera varsam med å fastsetja straff på noko som ikkje kan unngåast.

At fjerning av groe skal reknast som forureining er ei anna sak.

Merknadar til kap. 3

Direktoratet «ber derfor om innspill når det gjelder mulighetene for rederiene/skipene og de flyttbare innretningene til å få på plass de nødvendige systemene for å håndtere begroing i tråd med kravene i forskriften innen denne datoen.», 1. juli 2025.

Direktoratet kan gjerne spesifisera korleis «nødvendige system» skal vera.

Det er uvisst på kva som er «nødvendige systemene» for «vask av skrog i vann», men Pelagisk Foreining tvilar sterkt på at det er fiskebåtreiarlag som har slike system.

Krav om dokumentering

Vedtaking av forskrifta innfører nok eit pålegg om dokumentering. Pelagisk Foreining minner om at summen av dokumentering fiskebåtar må gjera er omfattande. Generelt er det ønskeleg at det ikkje er fleire krav til dokumentering enn kva som er absolutt naudsynt.

I kravet til dokumentering er det foreslått (les blir fastsett) at det skal førast ei «begroingsdagbok» som skal innehalda m.a. «detaljer om når skipet eller den flytbare innretningen har operert utenfor den normale operasjonsprofilen, inkludert tidspunkter for inaktive perioder»

Det synest ikkje som om det er tenkt på fiskebåtar sin driftsform.

«Normale operasjonsprofil» er ikkje definert. Fiskefartøy har heller ikkje eit» normalt» operasjonsmønster slik som passasjerskip og fraktefartøy. Alle fiskefartøy, som forskrifta omfattar, har krav om sporing. Myndigheitene kan difor lett følja når, og kor, fiskefartøy har vore. Sporingdata blir lagra, og myndigheitene kan difor finn ut kor alle fiskefartøy har vore. Dette fleire år tilbake i tid.

Den lovpålagte elektroniske fangstdagboka fortel òg om fiskefartøya har vore i fiskeri, på veg for å levera fisk, eller ligg til kai utanom fiskesesongar.

Direktoratet sitt forslag vil difor kunne føra til dobbeltrapportering. Det er ikkje ønskeleg.

Merknadar til enkelte paragrafar

§3 bokstav b.

Det bør koma fram kven som skal vurderer om artar «er vurdert til å utgjøre en høy eller svært høy risiko for mikroorganismer, planter og dyr.» Vurderingskriteria bør òg spesifiserast.

§ 8

Regelen vil påføra reiarlag ikkje-naudsynte kostnadar. Inspeksjon av skrog vil måtte skje ved hjelp av dykkarar, eller fjernstyrte undervassfarskostar (ROV). Dette er kostbare tenester.

Det er heller ikkje sagt kort ofte inspeksjon skal skje.

§ 10

Med unntak av vurderingskriteria i andre ledd er «Særlig fare» ikkje definert. Sjølv med desse kriteria vil vurderinga måtte innehalda eit vesentleg element av skjønn, og fare for at saker blir handsama ulikt.