Avgift på eksportert fisk
Høringssvar vedrørende avgift på eksportert fisk:
Somme har truleg lest, i fiskeripressa, at det er ei høyring om samordna innkreving av avgift på eksportert fisk.Bakgrunnen er at det er avgift på eksport av fisk. For pelagisk fisk er avgifta på 0,8 %. Avgifta går til å finansiera Sjømatrådet og FHF. PF støttar Sjømatrådet, og FHF, sitt arbeid.
Det er òg avgift på fisk som blir landa direkte i utlandet.
Heimelen for avgiftsplikt har vore klar, men av ulike årsaker har reglane for innrapportering vore uklåre. Mindre deler av direkte landa har såleis ikkje fått fastsett avgift. Pelagisk Forening har fått opplyst at pelagisk fisk seld gjennom Sildelaget har blitt innrapportert av Sildelaget. Sildelaget har stått som eksportør, avgift har blitt fastsett, trekt av på seddel, og betalt slik avgifta skal.
Endringsforslaget får såleis ikkje verknadar for pelagisk fiskeri.
Når det ikkje har blitt kravd inn avgift på fangstar som blir direkteleverert til utlandet vil det gje utanlandske fiskekjøparar eit konkurransefortrinn, sett i høve til norske mottak. Pelagisk Forening meiner at det er konkurransevridande at det ikkje er har vore reknar marknadsavgift på direkte landingar i utlandet, og at dette er uheldig.
Pelagisk Foreining meiner òg at Sjømatrådet, og FHF, sitt arbeid er svært viktig. Det er difor viktig at desse organa får dei avgiftene dei har rett til etter lova.
Pelagisk Forening har difor støtta difor endringsforslaget.