Publisert: 4. apr. 2022

Påbud om bruk av fangstbegrensningssystem i snurrevad

Fiskedirektoratet foreslår i ein høyring påbud om bruk av fangstbegrensningssystem i snurrevad i bestemte områder i 2022.

Pelagisk Foreining er kritisk til prosessen, og grunnlaget for forslaget. For det første er høyringsfristen berre fem dagar. For det andre er forslaget ikkje konsekvensutgreia i det heile tatt. Det synest ikkje som om direktoratet har vurdert konsekvensane for flåten, om naudsynt utstyr er tilgjengeleg på kort tid, tap i fangstinntekter, kostnadar eller liknande.

Direktoratet opplyser at Sjøtenesten har fått «flere tips om snurrevadsprenginger», og «fått informasjon om sprenging av snurrevad». Det synest ikkje som om Sjøtenesten sjølv har observert snurrevadsprengingar. Forslaget synest såleis å vera basert på annanhandsinformasjon. Det er tvilsam praksis å innføra forbodsreglar basert på annanhandsopplysningar.

Det synest òg som om direktoratet har ikkje vurder om det er ulike grad av fare for sprenging avhengig av storleiken på fartøya. Det er slik at store kystfartøy, med lasteromsvolum på 4-500 m3 har kapasitet til å handtera fangstar på 100 tonn. For mindre fartøy, som fartøy under 15 meter, er situasjonen sjølvsagt ein heilt anna.

Direktoratet har heller ikkje vurdert kor i snurrevadane fangstbegrensingssystem skal monterast. Om påbodet blir vedtatt kan såleis dei som ønsker det montera Dei som vil kan såleis montera opninga så langt framme i snurrevadsekken at det i røynda ikkje reduserer kor mykje fisk som kan gå i sekken. Dette illustrerer at forslaget er lite gjennomtenkt.

Pelagisk Foreining ser at store fangstar kan verka negativt på kvaliteten på fisken, men det er sjølvsagt ikkje det same som neddreping.

Pelagisk Forening meiner at før forslaget eventuelt blir vedtatt må det konsekvensutgreiast, og sendast på høyring på vanleg måte. Dersom direktoratet likevel finn å vedta påbodet no, så må det skiljast mellom store og små fartøy.

Se sak her iFiskeribladet.