Høyringsvar om «Fiskeritillatelser og kvotefaktorer»
PF har levert høyringsvar i høyring om «Fiskeritillatelser og kvotefaktorer». Høyringa er ei oppføljing av kvotemeldingen.
PF gav m.a. uttrykk for at foreininga er i mot samanslåing av pelagisk trål og ringnot, at konsekvensar ikkje er godt nok utgreiia. Dette gjeld ikkje berre manglande direkte konsekvensar for fiskarar, deira driftsgrunnlag og inntektstap som følje av somme av endringsforslaga.
Konsekvensane for landindustrien, tilsette ved landindustrien, flåtestrukturen og distrikta burde òg vore konsekvensutgreidd.
PF gav òg uttrykk for at foreininga er sterkt imot at eventuell samanslåing medfører innskrenkingar i val av reiskap. Spesielt forslaget om å fjerna unntaket for krav om sorteringsrist ved bruk av småmaska trål for fartøy som er eigna, utrusta og bemanna til å ta vare på kvitfisk.
Pelagisk Forening stiller òg spørsmål ved om krava i utgreiingsinstruksen er oppfylt.