RTC-tobisfisket

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 4. mars 2021.

Pelagisk Forening er glade for at direktoratet har gått bort frå det opphavelege forslaget om stenging i 14 dagar, og no foreslår stenging i sju dagar. Pelagisk Forening meiner likevel at eventuell stenging bør vera for kortar tid enn sju dagar. Tre til fira dagar er tilstrekkeleg. Dette fordi lang erfaring viser at det generelt er lite bifangst i tobisfisket, og fordi er raske endringar i art, mengda og storleik av bifangst i tobisfisket.

Direktoratet har òg høve til ny stenging, om nye prøvar viser at det er grunnlag for stenging. Det er såleis ikkje naudsynt å ha så lang stenging som sju dagar.

Stenging av eit område vil òg føra til auka fiskepress i andre område. Det kan vera uheldig i seg sjølv.

Pelagisk Forening meiner òg at det bør vera krav om fleire enn ein prøve for å stenga eit område.

Pelagisk Forening meiner at det er mest fleksibelt at områda, for eventuell stenging, ikkje er definert på førehand.

Pelagisk Forening meiner òg at dersom område blir stengt bør fiskeperioden forlengast med ei veka.

Pelagisk Forening meiner òg at det bør vurderast å innføra kvotefleks på fartøynivå. Det vil kunne redusera fiske i år med høge tobiskvotar, og såleis føra til mindre fiskepress i år med høge kvotar.