Høring- ny lengdegrense i kystflåten
Pf har levert inn høringsvar ifm ny lengdegrener i kystflåten. Pelagisk Forening ber om at det gjort ei grundig konsekvensutgreiing før forslaga eventuelt blir vedtatt. Som kjent etterspør heile fiskerinæringa stabile rammevilkår.
Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 25. november 2020.
Pelagisk Forening har medlemmar i stor kyst, men har ikkje medlemmar i gruppa under 15 meter. Pelagisk Forening vil difor ikkje uttala seg om samfiskeordinga.
Hovudomsyna, med kvotemeldinga, var forenkling, forutsjånad, og å sikra stabile rammevilkår.
Pelagisk Forening meiner at høyringsforslaget ikkje bidreg til stabile rammevilkår. Dette fordi kvoteeigarane må velja om dei vil bli i gruppa der båten har faktisk lengda, eller bytta båt til heimelslengdegruppa, før dei veit kor store rettar som blir i dei enkelte gruppene, kor mange fartøy som blir i dei enkelte gruppene, eller kor store strukturkvotar som går tilbake til dei enkelte gruppene.
Dette gjer det vanskeleg å budsjettera inntekter, når ein ikkje veit kor store del av totalkvotane ein kan fiska. Det gjer såleis finansiering av nybygg vanskeleg. Forslaget bidreg såleis ikkje til stabile rammevilkår. Forutsjånad blir òg vanskelegare.
Det er òg sannsynleg at forslaga ikkje bidreg til ein differensiert kystflåte. Mest truleg vil gruppa mellom 15 og 21 meter bli vesentleg mindre. Som det står i høyringsnotatet «Med en overgang til grupper etter faktisk lengde så vil disse gruppene kunne avvike betraktelig fra dagens hjemmelslengdegrupper»
Vidare står det, i høyringsnotatet, at «Som konsekvens av at kystflåten skal reguleres etter faktisk lengde skal det i en overgangsperiode gis anledning til å bringe fartøyets faktiske lengde i tråd med hjemmelslengde, jf. Stortingets vedtak gjengitt i høringsnotatets punkt 1. Overgangsordningen skal gjelde i tre år, slik at tiltaket faktisk må være gjennomført innen 2024.»
Å bringa fartøy si faktiske lengda i samsvar med heimelslengda vil medføra kostnadar til ombygging, eller mest truleg utskifting av fartøy.
Ombygging og/eller utskifting av fartøy er noko av det mest krevjande økonomisk, praktisk, og risikofylt eit fiskebåtreiarlag kan gjera. Forslaget er såleis neppe ei forenkling for mange reiarlag. Dette blir forsterka av stor uvisse på kor mange andre som kjem i same lengdegruppa, og kor store strukturgevinstar som eventuelt går tilbake til gruppa.
Utskifting av fartøy vil medføra skatteplikt. Eit nyinnkjøpt fartøy vil kunne skrivast av, men skatteplikt kan likevel tenkjast å medføra vanskar for somme reiarlag. Dette er neppe ei forenkling.
Eit alternativ til å tilpassa fartøyet til heimelslengda på kvoten er å selja kvoten, og kjøpa ein kvote i gruppa som fartøyet si faktiske lengda.
Sal av kvote vil òg vera skattepliktig. Som kjent har det vore stor prisauke på kvotar. Det kan føra til store latente gevinstar, og stor latent skatteplikt. Eventuelt sal utløyser skatteplikt, og då kan det blir vanskeleg å kjøpa kvote i ei anna lengdegruppa.
Diverre inneheld ikkje høyringsnotatet ei vurdering av kva føljer skattereglane vil ha for dei som må tilpassa drifta si til dei nye lengdegrensene. Det burde vore konsekvensutgreia.
For å kunne ta stilling til høyringsforslaga må det først avklarast korleis utgåtte strukturkvotar skal fordelast, og verknadane av dei ulike alternativ bør konsekvensutgreiast. Dette bør skje så snart som mogeleg.
Pelagisk Forening ber om at det gjort ei grundig konsekvensutgreiing før forslaga eventuelt blir vedtatt. Då blir det mogeleg å ta gode val, og forhåpentlegvis vil eventuelle endringar stå seg lengre utan å måtte justerast. Som kjent etterspør heile fiskerinæringa stabile rammevilkår.