Høyringssvar - direktiv om føreseielege forhold og openheit og i arbeidstilhøve.
Følgende høyringssvar ble sendt til forslag til direktiv om føreseielege forhold og openheit og i arbeidstilhøve.
Det blir vist til Sjøfartsdirektoratet sitt brev av 7. 5.18.
Pelagisk Forening blir bede om å uttala seg om konsekvensane for norsk skipsfart om Kommisjonens forslag, til nytt direktiv om føreseielege forhold og openheit i arbeidstilhøve, blir ein del av i EØS-avtalen/ av norsk rett.
Pelagisk Forening meiner det ville vore ressurssparande og ein klar føremon, om Sjøfartsdirektoratet hadde gjort greie for endringane, og sitt syn på konsekvensane, i høyringsbrevet. Det er ikkje gitt gjort greie for kva reglar som alt gjeld i norsk rett, arbeidsmiljøloven og/eller skipsarbeidsloven, og kva som eventuelt krev lovendringar om direktivet blir gjennomført i norsk rett.
Direktivet skal erstatta direktiv 91/533/EØF om skriftlege erklæringar i arbeidstilhøve. Hovudformålet synest å være etablering av et minstevern for personar med nye og uformelle arbeidsformer, som er mindre føreseielege, og av og til ikkje direkte regulert av generell lovgjevnad på arbeidsretten sitt område.
Det blir foreslått å auka arbeidsgjevar si plikt til å gje skriftlege opplysningar om arbeidstilhøvet,og utvida verkeområdet (kap. I og II). Det blir òg foreslått ulike nye minimumskrav for å avgrensa arbeidsgjevar sin styringsrett, og som pålegg arbeidsgjevar nye plikter (kap. III).
Art. 1 verkeområde
Det er lagt til grunn at berre kapittel II i direktivet skal gjelda for sjøfolk og fiskarar, men direktivet er ikkje er til hinder for at verkeområdet kan bli utvidast.
Pelagisk Forening meiner at ei eventuell gjennomføring i norsk rett ikkje bør gå lenger enn direktivet tilseier. Dette fordi konkurranseomsyn tilseier at reiarlaga har same plikter uavhengig av kva land dei tilhøyrar.
Dette gjeld sjølv om fleire av minstekrava i kap. III og V alt er gjennomført i skipsarbeidsloven.
Art. 2 Definisjonar
Definisjon av arbeidstakar medfører, etter kva me kan sjå, ingen vesentlege endringa i høve til definisjonen i arbeidsmiljølova. Den reelle endringa synest å vera at medlemslanda mistar høve til å trekka ei lågare nedre grensa.Dette vil kunne ha verknad i uformelle tilsettingshøve, og vil truleg ikkje spela nokon stor rolla for norske fiskebåtar. Dette vil likevel kunne ha verknad for fiskarar i andre land, og Pelagisk Forening er positive til at fiskarane i andre land får like gode arbeidsvilkår som norske fiskarar.
Me ber Sjøfartsdirektoratet avklara om eventuelle endringar vil verka inn på definisjonane i skipsarbeidslova § 1-2 (2) og tilhøyrande forskrift.
Art 3 Opplysningsplikt
Pkt. 2 a) – d), f), h) – k) og m) og n) synes å være ivaretatt av krava i forskrift 2013 nr. 1000 om arbeidsavtale, lønnsoppgåve mv.
Bokstav e) Forskrifta stiller ikkje krav om å opplysa forventa lenda på midlertidige tilsettingar. Det vil vera vanskeleg om arbeidsgjevarane skal anslå varigheita der den er usikker. T.d. veit ein som oftast ikkje kor lang tid eit fiskeri varar.
Bokstav g) om rett til utdanning som arbeidsgivaren tilbyr, vil neppe være problematisk å etterleve då den berre gjeld utdanningstilbod som arbeidsgivar er pålagt å tilby sine tilsette etter lov eller tariff, jf. art. 10. Det er behov for å presisera kva opplæringstiltak som fell innanfor regelen, og kva som fell utanfor.
I dag er det mange arbeidsgjevarar betalar for vedlikehald av tilsette sine kurs, som t.d. sikkerheitskurs, sjølv om det ikkje er noko arbeidsgjevarane pliktar. Direktoratet bør klargjera om lovpålagte kurs er innanfor eller utanfor regelen sitt verkeområde.
Bokstav l) stiller krav om at arbeidsgjevar skal opplysa om når arbeidstida skal endrast m.m.
På fiskefartøy vil arbeidsperiodane alltid variera med sesongane, men variasjonane er avhengig av om fartøya har turnusordning og fleire skift.Praksisen er at mannskapet blir løypande orientert. Det er uråd å sei noko sikkert om talet på arbeidstimar
Truleg kjem kravet som følje av auka bruk av «ringehjelp», oppdragstakarar, og andre tilknytingsformer som ikkje gjev den tilsette visse om arbeid. Dette er ikkje nokon vesentleg problemstilling i fiskerinæringa i Noreg.
Dessutan er fiskarar sikra ei minsteinntekt gjennom Garantikassen for fiskarar. Dette bør vektleggast ved ei eventuell gjennomføring i norsk rett.
Dersom varslingskravet blir innført bør det vera tilstrekkeleg med ei generell plikt til å gje arbeidstakarane informasjon om forventa arbeidstid innan rimeleg tid frå arbeidsgjevar har fått tilstrekkeleg kunnskap om når fiskeriet startar, og kor lenge det vil vara.
Art. 6 Arbeidstakar som blir sendt til utlandet
Av og til fiskar norske fiskefartøy i andre lands farvatn, og/eller leverer fangst i utlandet. Pelagisk Forening legg til grunn at direktivet vil gjelda på norske båtar i utlandet, men ber om at Sjøfartsdirektoratet uttaler seg om dette.